Gåver til frivillige organisasjonar

Sats

  • Skriv ut

Du kan få frådrag i skattepliktig inntekt for pengegåver til visse godkjende frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn.

 Desse vilkåra må vere oppfylte for å få frådraget:

  • Organisasjonen må vere godkjend på førehand. Sjå lista over godkjende organisasjonar.
  • Gåva må vere på minst 500 kroner til kvar organisasjon. Det finst eit maksimumsbeløp for frådrag for gåver. Sjå nedanfor.
  • Gåva må vere førehandsutfylt i skattemeldinga (sjølvmeldinga). For gåve til utenlandsk organisasjon, sjå nedanfor.

Slik får du frådraget

Gåva di skal stå ferdig påført i post 3.3.7 Andre frådrag i skattemeldinga. Dersom førehandsutfylling manglar, skal du ikkje føre beløpet sjølv, men ta kontakt med den aktuelle organisasjonen og be dei rapportere gåvebeløpet på fødselsnummeret ditt.

Gåve til utanlandske organisasjonar eller trus- og livssynssamfunn blir ikkje rapportert og førehandsutfyld. Du må sjølv føre opp gavebeløpet i post 3.3.7 Gåve til organisasjonar i utlandet. 

Sjå liste over godkjende utanlandske organisasjonar.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Maksimalt frådrag 30 000 kr

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.