Lønn til barn som arbeider i foreldra si bedrift

Sats

  • Skriv ut

Timelønnssatsar som ein kan krevje frådrag for i rekneskapen og som skal rapporterast inn som lønn for barnet.

Det er fastsett eigne timelønnssatsar som skal nyttast for å lønne barn som arbeider i foreldra si bedrift og som samtidig går på skule. Satsane skal nyttast uansett til kva tider arbeidet blir utført. Kost til barn som er forsørgde, blir ikkje rekna som betaling for arbeid. Overgang til høgare sats gjeld frå og med den månaden barnet fyller år.  I satsane er det lagt til feriepengar på 10,2%.

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Alder Timesats 1. jan - 31. mars  Alder Timesats 1. april - 31. desember 
17 år kr 110 17 år kr 112
16 år kr 106 16 år kr 108
15 år kr 92 15 år kr 94
14 år kr 81 14 år kr 83
13 år kr 73
13 år kr 74

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.