Maksimale effektive marginale skattesatsar

Sats

  • Skriv ut

Den effektive marginale skattesatsen svarar til den prosenten du må betale i skatt av den neste krona du tener (fleire skattesatsar aukar ved høgare inntekt og fribeløpa kan vere brukte opp).

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.


Sats
Lønnsinntekt ekskludert arbeidsgivaravgift 47,2 %
Lønnsinntekt inkludert arbeidsgiveravgift * 53,7 %
Pensjonsinntekt** 44,1 %
Næringsinntekt*** 50,4 %
Utbytte og uttak **** 46,7 %

* Avrunda.

** For uførepensjonistar m.m. som skattar etter skatteavgrensingsregelen, kan den høgaste effektive marginale skattesatsen bli opptil 55 %.

*** Næringsdrivande innanfor fiske og fangst og barnepass i eigen heim (barn under 12 år eller med særskilt behov for omsorg og pleie) har 8,2 prosent trygdeavgift på næringsinntekta. Lågare trygdeavgiftssats for fiske og fangst heng saman med at desse næringane betalar produktavgift som mellom anna skal dekkje differansen mellom 8,2 prosent og 11,4 prosent trygdeavgift.

**** Inkludert 27 % selskapsskatt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.