Maksimalt årleg frådrag for innbetaling til individuell pensjonsordning

Sats

  • Skriv ut

Du kan krevje frådrag i alminneleg inntekt for innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS).

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Maksimalbeløpet omfattar både premie, innskot og kostnader til administrasjon, under dette kostnader til forvalting av årets premie eller innskot. Maksimalbeløpet gjeld òg for innbetalingar til eventuelle tilknytte forsikringar som gir rett til uførepensjon, etterlatnepensjon til ektefelle, registrert partnar eller sambuar, i tillegg til barnepensjon.

For å få frådrag i inntektsåret må innbetalinga vere utført innan utløpet av inntektsåret. 

Maksimalt årleg frådrag for innbetaling til individuell pensjonsordning  15 000 kr

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.