Minstefrådrag

Sats

  • Skriv ut

Minstefrådraget er eit standardfrådrag som automatisk blir trekt frå lønn, pensjon og liknande inntekt.

Dersom dei faktiske kostnadene dine knytt til arbeid og liknande er høgare enn minstefrådraget, kan du krevje frådrag for desse i post 3.2.2 i skattemeldinga (sjølvmeldinga), i staden for minstefrådraget.

Døme på slike kostnader er underskot på motteken bilgodtgjersle, kost på tenestereiser utan overnatting, heimekontor, faglitteratur, vidareutdanning, verktøyhald, arbeidsklede og frivillig ulykkes- og sjukeforsikring.

Minstefrådraget blir rekna ut automatisk. Du treng difor ikkje å rette frådraget dersom du endrar utrekningsgrunnlaget for frådraget, til dømes når du må gi opp lønnsinntekt som ikkje er førehandsutfylt.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Lønn 
Sats 44 %
Øvre grense* 94 750 kr
Nedre grense 4 000 kr
Særskilt frådrag i arbeidsinntekt** 31 800
Pensjon 
Sats *** 31 %
Øvre grense *** 81 200 kr
Nedre grense 4 000 kr

* Summen av minstefrådraget i lønnsinntekt og minstefrådraget i pensjonsinntekt blir avgrensa oppover til øvre grense i minstefrådraget i lønnsinntekt, dvs. 94 750 kroner for 2017.

** Skattyter som kun har lønnsinntekt, får det høgaste av minstefrådraget i lønnsinntekt og det særskilte frådraget i arbeidsinntekt.

** Nedre grense på kroner 4 000 i visse tilfelle:

  • Personar busette i utlandet som er direktør, styremedlem eller liknande i norsk selskap og som er skattepliktige etter sktl. § 2-3 første ledd bokstav e eller f.
  • Personar som har vore busette i Noreg berre delar av året, eller er skattepliktige etter sktl. § 2-3 første ledd bokstav d, h og andre ledd.

*** Satsane for pensjon auka i juni 2017, men gjeld for heile 2017.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.