Normrente for skattlegging av rimelege lån hjå arbeidsgivar

Sats

  • Skriv ut

Fordelen ved rimeleg lån i arbeidsforhold blir i dag skattlagd ved hjelp av ein normrentesats som blir fastsett av Skattedirektoratet seks gangar i året.

Satsen gjeld for inntektsåret 2014

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

PeriodeSats
Normrente for november og desember 2014 2,50 prosent
Normrente for september og oktober 2014 2,75 prosent
Normrente for juli og august 2014 2,75 prosent
Normrente for mai og juni 2014 2,75 prosent
Normrente for mars og april 2014 2,75 prosent
Normrente for januar og februar 2014 2,25 prosent

Finansdepartementet kan fastsetje normrenta inntil seks gonger i året: 1. januar, 1. mars, 1. mai, 1. juli, 1. september og 1. november. Satsen for den komande perioden skal fastsetjast i første veke av den føregåande perioden, dvs. at satsen for mars og april blir fastsett første veke i januar.

Normrenta blir fastsett med utgangspunkt i aritmetisk gjennomsnittleg observert rente på statskassevekslar med 0-3 månaders løpetid i ein observasjonsperiode på to månader med start den 1. i kvar av månadene januar, mars, mai, juli, september og november. Etter utgangen av observasjonsperioden følgjer utrekningsperioden på to kalendermånader. I løpet av den første veka i utrekningsperioden fastset Finansdepartementet normrenta som skal gjelde for perioden etter utløpet av utrekningsperioden.

Normrenta skal berre endrast dersom utviklinga i gjennomsnittsrenta tilseier ei endring av normrenta på 1/4 prosentpoeng.

Normrenta utgjer gjennomsnittsrenta med eit påslag på 1,25 prosentpoeng.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.