Normrente for skattlegging av rimelege lån hjå arbeidsgivar

Sats

  • Skriv ut

Fordelen ved rimeleg lån i arbeidsforhold blir i dag skattlagd ved hjelp av ein normrentesats som blir fastsett av Skattedirektoratet seks gangar i året.

Satsen gjeld for inntektsåret 2016

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

PeriodeSats
Normrente for januar og februar 2016 2,5 prosent
Normrente for mars og april 2016 2,3 prosent
Normrente for mai og juni 2016 2,3 prosent
Normrente for juli og august 2016 2,2 prosent 
Normrente for september og oktober 2016 2,2 prosent
Normrente for november og desember 2016 2,2 prosent

Ved endring 19. februar 2016 av forskrift om endring av skattelovforskrifta § 5-12-5 av 18. desember 2015 nr 1768, er kompetansen til å fastsette normrenta lagt til Skattedirektoratet.

Normrenta blir fastsett på grunnlag av ei basisrente. Basisrenta blir fastsett av Finanstilsynet med utgangspunkt i uttrekk av prisar på bustadlån frå Finansportalen. Uttrekket tek utgangspunkt i et standard annuitets bustadlån på 1 500 000 kroner, innanfor 50 prosent sikkerheit, med avdragstid på 30 år, ein låntakar på 45 år og for landsdekkjande marknadsområde. Det blir rekna ut eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda med landsdekkjande marknadsområde og utan særskilde krav til yrkestilknyting eller medlemskap. Gjennomsnittet blir rekna ut med tre desimalar. Basisrenta blir fastsett innan utgangen av den tiande dagen etter observasjonsperioden. Finanstilsynet publiserer basisrenta på tilsynet si heimeside.

Normrenta blir fastsett seinast den 12. dagen etter utgangen av observasjonsperioden for fastsetjing av basisrenta og er lik den fastsette basisrenta med eit frådrag på 0,15 prosenteiningar og deretter avrunda til næraste 0,1 prosenteining. Normrenta skal berre endrast dersom basisrenta etter frådraget på 0,15 prosenteiningar, men før avrunding, tilseier ei endring på minst 0,1 prosenteining samanlikna med den gjeldande normrenta.

Meir om reglane for fastsetjing av normrente og basisrente.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.