Renter ved endring etter vedtak og eigenretting

Sats

  • Skriv ut

Har det skjedd ein auke i skatte- og avgiftskrav, må du betale renter på auken. Renta er meint å kompensere for den likviditetsfordelen som du har hatt. På same måte får du rentegodtgjersle dersom skatte- og avgiftskravet ditt blir nedsett.

Satsen gjeld for inntektsåret 2014

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Rentesatsen på ein auke i skatte- og avgiftskrav svarar til Noregs Bank si styringsrente per 1. januar pluss eit prosentpoeng.

Rentesatsen på tilbakebetaling av for mykje innbetalt skatt eller avgift svarar til Noregs Bank si styringsrente per 1. januar.

Rentetypar1. januar 2014
§ 11-2 Renter ved auke av skatte- og avgiftskrav 2,5 %
§ 11-4 Renter ved nedsetjing av skatte- og avgiftskrav 1,5 %

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.