Særfrådrag for einslege forsørgjarar

Sats

  • Skriv ut

Frådraget gjeld deg som tek imot utvida barnetrygd for barn under 18 år som du forsørgjer. Du blir rekna som einsleg forsørgjar dersom du er ugift, skilt, separert, enke/enkemann eller ikkje har hatt sambuar i minst eitt år.

Frådraget skal vere førehandsutfylt i post 3.5.5 i skattemeldinga. Du skal ikkje sjølv endre beløpet i post 3.5.5.

Særfrådraget blir rekna ut av Skatteetaten på bakgrunn av opplysningar frå NAV om kor mange månader i løpet av året du har fått utvida barnetrygd. Ved deling av utvida barnetrygd frå NAV på grunn av avtale om delt bustad for barnet/barna får du særfrådrag med halv månadssats.

Ein intern avtale mellom foreldre om å dele særfrådraget i tilfelle der utvida barnetrygd blir utbetalt berre til den eine, fører ikkje til at vi deler særfrådraget når vi reknar ut skatten. Ein føresetnad for å få særfrådrag med halv sats er at utvida barnetrygd er delt.

Dersom frådraget er feil eller ikkje står i skattemeldinga

Manglar særfrådraget i skattemeldinga eller beløpet er feil, og vedtaket er fatta i 2017 med tilbakeverkande kraft for 2016, treng du ikkje gjere noko, ettersom dette automatisk blir retta. Dersom mangelen eller feilen kjem av andre forhold, må du kontakte NAV og be om å få dokumentasjon, som du sender til Skatteetaten.

Les meir om det nye særfrådraget for einslege forsørgjarar.

Satsen gjeld for inntektsåret 2016

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Frådraget er på

Per år 51 804 kr
Per månad  4 317 kr

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.