Særfrådrag for uførleik

Sats

  • Skriv ut

Reglane om særfrådrag for uførleik er oppheva frå og med inntektsåret 2015.

Satsen gjeld for inntektsåret 2016

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Det er gitt overgangsreglar for ei avgrensa gruppe skattytarar. Reglane skal gjelde for inntektsåra 2015, 2016 og 2017.

Overgangsreglane kan gjelde deg dersom:

  • Du fekk eit halvt særfrådrag for uførleik i 2014 utan å få uførepensjon frå folketrygda. Dette gjeld såleis berre for deg som i 2014 fekk uførepensjon etter andre lover enn folketrygda fordi ervervsevna di var sett ned med mindre enn  2/3, og som ikkje samtidig fekk arbeidsavklaringspengar frå folketrygda. 
  • Du framleis berre tek imot uførepensjon etter andre lover enn folketrygdlova fordi ervervsevna di er sett ned med mindre enn 2/3. Det er i tillegg eit vilkår at du ikkje samtidig får arbeidsavklaringspengar frå folketrygda. Særfrådrag etter overgangsreglane gir ein berre til og med den månaden skattytaren fyller 67 år. 

Oppfyller du vilkåra her, kan du få særfrådrag med 667 kroner for kvar månad for inntektsåret 2016.

Særfrådraget blir trappa vidare ned for inntektsåret 2017. For 2017 utgjer det 334 kroner per månad.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.