Skatteavgrensing for mottakarar av behovsprøvde ytingar

Sats

  • Skriv ut

Skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt kan ein gi til mottakarar av desse behovsprøvde ytingane frå folketrygda:

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Gjeld fra og med 2015. 

Overgangsstønad

  • einsleg mor eller far dersom overgangsstønaden er innvilga 31. mars 2014 eller tidlegare
  • tidlegare familiepleiar 
  • attlevande ektefelle

Etterlatnepensjon

  • pensjon til familiepleiarar

Du skal ikkje betale skatt når alminneleg inntekt før særfrådrag er lågare enn grensebeløpet. Er inntekta høgare, skal skatt på alminneleg inntekt og trygdeavgift til saman ikkje vere høgare enn 55 prosent av inntekta over grensebeløpa.

Du må betale eventuell toppskatt og formuesskatt sjølv om du blir omfatta av skatteavgrensingsregelen.

Har du formue, skal 1,5 prosent av formuen over 200 000 kroner leggjast til inntekta før skatteavgrensinga blir rekna ut. Bustad som blir brukt som eigen primærbustad, (dvs. bustaden du er fast busett i ved utgangen av inntektsåret) skal haldast utanfor når ein reknar ut formuen. Med primærbustad meiner ein her òg våningshus på gardsbruk med naturleg arrondert tomt.

Skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt blir gitt automatisk ved likninga.

Ordninga med skatteavgrensing for uføre fell bort frå og med 2015. Meir informasjon om dei nye skattereglane for uføreytingar.

Frå 2015 gjeld skatteavgrensingsregelen heller ikkje for mottakarar av supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg.

Personar som tek imot supplerande stønad, blir i staden skattlagd etter dei alminnelege skattereglane for alderspensjonistar og omfatta av reglane om skattefrådrag for pensjonsinntekt. Les meir om kven som kan få skattefrådrag.   

 

Beløpsgrenser:

Einsleg 135 700 kr

Formuestillegget:

Sats 1,5 %
Grense: einsleg 200 000 kr

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.