Skatteavgrensing for pensjonistar

Sats

  • Skriv ut

Ein gir ikkje lenger skatteavgrensing til pensjonistar. Sjå gjeldande satser for særskild skattefrådrag for pensjonsinntekt. Skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt kan ein gi til mottakarar av desse behovsprøvde ytingane frå folketrygda:

Satsen gjeld for inntektsåret 2014

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Det same gjeld dei som tek imot overgangsstønad, etterlatnepensjon, pensjon til tidlegare familiepleiarar og supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg.

Du skal ikkje betale skatt når alminneleg inntekt før særfrådrag er lågare enn grensebeløpet. Er inntekta høgare, skal skatt på alminneleg inntekt og trygdeavgift til saman ikkje vere høgare enn 55 prosent av inntekta over grensebeløpa.Du må betale eventuell toppskatt og formuesskatt sjølv om du blir omfatta av skatteavgrensingsregelen.

Har du formue, skal 1,5 prosent av formuen over 200 000 kroner leggjast til inntekta før skatteavgrensinga blir rekna ut. Bustad som blir brukt som eigen primærbustad, (dvs. bustaden du er fast busett i ved utgangen av inntektsåret) skal haldast utanfor når ein reknar ut formuen. Med primærbustad meiner ein her også våningshus på gardsbruk med naturleg arrondert tomt.

Er du gift eller meldepliktig sambuar, skal skatteavgrensinga etter sktl. § 17- 1 som hovudregel reknast ut særskilt for kvar av dykk. Formue, gjeld, inntekter og frådrag som kan fordelast fritt kan mellom dykk i sjølvmeldinga, skal fordelast med halvparten på kvar av dykk når ein reknar ut skatteavgrensinga. 1,5 prosent av nettoformue over 100 000 kroner skal leggjast til alminneleg inntekt (primærbustaden skal haldast utanfor).

Dersom du får uførepensjon og ektefelletillegg, skal skatteavgrensinga likevel reknast ut under eitt for deg og ektefellen din på grunnlag av den samla inntekta dykkar. 1,5 prosent av samla nettoformue over 200 000 kroner skal leggjast til samla alminneleg inntekt (primærbustaden skal haldast utanfor).

Dersom du tek imot både ytingar som gir rett til skattefrådrag (alderspensjon / avtalefesta pensjon) og ytingar som gir rett til skatteavgrensing, har du ikkje krav på både skatteavgrensing og skattefrådrag. I slike tilfelle skal skatten fastsetjast etter den regelen som gir lågast skatt.

Beløpsgrenser:

Einsleg 131 400 kr
Ektepar - kvar ektefelle 120 800 kr
Ektepar - samlA 241 600 kr

Formuestillegget:

Sats 1,5 %
Grense: Ektepar - kvar ektefelle 100 000 kr
Grense: Ektepar samla / einslege 200 000 kr

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.