Skjermingsrente for aksjar og enkeltpersonføretak

Sats

  • Skriv ut

Skjermingsrenta blir brukt når ein skal rekne ut frådrag i skattepliktige aksjeinntekter og inntekter frå ansvarlege selskap, i tillegg til personinntekta for næringsdrivande.

Skjermingsrenta blir fastsett av Skattedirektoratet i januar året etter inntektsåret, dvs. at skjermingsrenta for 2015 først blir fastsett i januar 2017. Skjermingsrenta blir fastsett på bakgrunn av ei gjennomsnittleg 3-månaders rente på statskassevekslar.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Skjermingsrente for personlege aksjonærar og deltakarar i ansvarlege selskap m.m.

Utgangspunktet for å rekne ut skjermingsrenta er aritmetisk gjennomsnittleg observert rente på statskassevekslar med 3 månaders løpetid, slik ho er publisert av Noregs Bank. For 2017 var ho 0,4 prosent. Den publiserte renta skal tilleggjes til 0,5 prosent for å fastsette beregningsgrunnlaget, som da blir 0,90 prosent. Nedjustert med 25 prosent og runda av til næraste tiandels prosentpoeng blir skjermingsrente for inntektsåret 2017 sett til 0,7 prosent.

Maksimal skjermingsrente for enkeltpersonføretak  

Utgangspunktet for å rekne ut skjermingsrenta er aritmetisk gjennomsnittleg observert rente på statskassevekslar med 3 månaders løpetid, slik ho er publisert av Noregs Bank. For 2017 var ho 0,40 prosent. Renta skal tilleggjes 0,5 prosent. Ifølgje FSFIN § 12-12-10 første ledd skal renta ikkje justerast ned, men rundast av til næraste tiandels prosentpoeng.

Maksimal skjermingsrente er sett til 0,9 prosent for inntektsåret 2017.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.