Barnepass - dagmamma som passar barn i eigen heim

Sats

  • Skriv ut

Dagmammaer som passar barn i eigen heim, kan krevje standardfrådrag for utgifter til mat, slitasje, reinhald, oppvarming o.a. i staden for frådrag for faktiske utgifter i barnepassverksemda.

Satsen gjeld for inntektsåret 2015

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Passer du andre sine barn i heimen din i dagmammaverksemd, vil en del av vederlaget frå foreldra bli rekna som utgiftsgodtgjersle som skal trekkjast frå når skattepliktig inntekt blir rekna ut i sjølvmeldinga, og når skatten skal reknast ut.

Du kan krevje eit standardfrådrag i inntekta i staden for frådrag for faktiske driftsutgifter. Standardfrådraget skal utgjere 50 prosent av vederlaget for barnepass (foreldrebetalinga), men høgst 1091 kroner per månad for kvart barn. Standardfrådraget skal dekkje dei ekstra kostnadene du har til kost, reinhald, oppvarming, utflukter, slitasje på inventar og så vidare.

Maksimalt standardfrådrag for barnepassar: 1091 kroner

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.