Barnepass - dagmamma som passar barn i eigen heim

Sats

  • Skriv ut

Dagmammaer som passar barn i eigen heim, kan krevje standardfrådrag for utgifter til mat, slitasje, reinhald, oppvarming o.a. i staden for frådrag for faktiske utgifter i barnepassverksemda.

Satsen gjeld for inntektsåret 2018

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Passer du andre sine barn i heimen din i dagmammaverksemd, vil en del av vederlaget frå foreldra bli rekna som utgiftsgodtgjersle som skal trekkjast frå når skattepliktig inntekt blir rekna ut i sjølvmeldinga, og når skatten skal reknast ut.

Du kan krevje eit standardfrådrag i inntekta i staden for frådrag for faktiske driftsutgifter. Standardfrådraget skal utgjere 50 prosent av vederlaget for barnepass (foreldrebetalinga), men høgst 1 204 kroner per månad for kvart barn. Standardfrådraget skal dekkje dei ekstra kostnadene du har til kost, reinhald, oppvarming, utflukter, slitasje på inventar og så vidare.

Maksimalt standardfrådrag for barnepassar: 1 204 kroner

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.