Bilsatsar – firmavarebilar klasse 2 og små lastebilar

Sats

  • Skriv ut

Nye reglar for skattlegging av yrkesbil. Fra og med 2016 gis det nye reglar for verdsetting av fordel ved den ansatte si private nytting av arbeidsgjevars yrkesbilar. 

Med yrkesbil meines her varebilar klasse 2 og lastebilar med totalvekt under 7 501 kg. Det er eit vilkår at du treng ein slik bil i tenesten. 

Etter det nye regelverket gjeld det to ulike alternativ for utrekning av den skattemessige fordelen av di private bruk;

  • sjablongmetoden (med bunnfrådrag) og
  • kilometersats (individuell verdsetting).

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Sjablongmetoden (med botnfrådrag)

Den private fordelen ved å bruke yrkesbilar blir verdsett etter sjablongmetoden for ordinære firmabilar, men med eit særskilt botnfrådrag for å ta omsyn til at yrkesbilar i mindre grad enn ordinære firmabilar er eigna til privat bruk. Reduksjonen skal skje ved at listeprisen blir redusert med 50 prosent, avgrensa oppover til kr. 150 000. Om det er gjort ein reduksjon i grunnlaget på 50 prosent for el-bilar, blir det ikkje i tillegg gitt botnfrådrag.

Kilometersats (individuell verdsetjing)

Den private fordelen kan òg verdsetjast på bakgrunn av faktisk bruk (kilometersats). Når ein verdset på bakgrunn av kilometersats, skal det førast ei elektronisk køyrebok som blir administrert av arbeidsgivar. Den elektroniske køyreboka skal dokumentere samla køyrelengd og samla lengd for yrkeskøyring, slik at differansen utgjer talet på kilometer bilen er nytta privat. Høvet til å fastsetje fordelen etter kilometersats gjeld for all privatkøyring, og ikkje berre reiser til og frå jobb.

For 2017 vil satsen for utrekning av privat fordel basert på faktisk bruk vere kr. 3,40 pr. km uansett køyrelengd.

Regelverket for fordel ved privat bruk av firmabil som fell utanfor standardreglane, som gjaldt til og med 2015, gjeld frå og med 2016 berre for visse typar køyretøy, nærmare bestemt:

• lastebilar med ei totalvekt på 7500 kg eller meir og bussar med meir enn 15 passasjerplassar. 

• bilar som det i lov eller i medhald av lov er fastsett forbod mot å nytte til anna privatkøyring enn arbeidsreise.

• bilar som er registrerte for ni passasjerar eller meir dersom dei blir brukte i ei køyreordning som er organisert av arbeidsgivar for transport av tilsette på arbeidsreise og ikkje blir brukte privat utover arbeidsreise.

Rekneeksempel

Eksempel 1:

Arbeidsgivaren vel ordninga med elektronisk køyrebok. Ho viser at du har køyrt 5000 km som ikkje er yrkeskøyring. Det inkluderer privat køyring og køyring mellom heimen og fast arbeidsstad. Køyring mellom heimen og arbeidsoppdrag er derimot yrkeskøyring. Reknestykket blir 5000 km x 3,40 kr = 17 000 kr. Då blir 17 000 kr lagt til inntekta di og rekna ut skatt av.

 

Eksempel 2:

Arbeidsgivaren vel ordninga med sjablongskattlegging. Du har eit tenesteleg behov for å disponere ein bil som har ein listepris på 350 000 kr.
Det skal trekkjast frå eit botnfrådrag på 50 prosent av listeprisen, men maks 150 000 kr. Då blir reknestykket slik:
Listepris:
350 000 kr – 150 000 kr = 200 000 kr.
Skattepliktig inntekt:
200 000 kr x 30 % = 60 000 kr

 

Eksempel 3:

Du køyrer 10 000 km som ikkje er yrkeskøyring og bilen har ein listepris på 200 000 kr. Dersom arbeidsgivar vel alternativet med elektronisk køyrebok, blir den skattepliktige inntekta 34 000 kr. Dersom arbeidsgivar vel sjablongskattlegging basert på listepris, blir den skattepliktige inntekta 30 000 kr ((200 000 kr x 50 %) x 30%).

 

Eksempel 4:

Dersom du køyrer 16 000 km og bilen er registrert 11.11.2012 og har ein listepris på 400 000 kr, blir den skattepliktige inntekta 54 400 kr dersom arbeidsgivaren vel alternativet med elektronisk køyrebok.
Med sjablongskattlegging blir reknestykket:

Listepris:
400 000 kr x 75 % = 300 000 kr
300 000 kr – 150 000 kr = 150 000 kr

Skattepliktig inntekt:
150 000 kr x 30 % = 45 000 kr

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.