Kost og losji - sats for skattefri godtgjersle

Sats

  • Skriv ut

Satsane for meirutgifter til mat (kost) avheng av korleis du bur.

Satsen gjeld for inntektsåret 2016

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Mat (kost)

Satsane for meirutgifter til mat (kost) avheng av korleis du bur.

 

Type losji

Sats per døgn

Hotell med frukost: 568 kroner 
Hotell utan frukost:

710 kroner

Bustad med kokemoglegheiter: 200 kroner 
Bustad uten kokemoglegheiter: 

307 kroner

Overnatting i eiga campingvogn*  61 kroner 

Losji (utgifter til å bu)

Dekking av kostnadar for losji gjennom godtgjersle er ikkje skattepliktig så fremt godtgjersla ikkje gjer overskudd eller dekker private utgiftar.

*Overnatting i eiga campingvogn

Om du overnattar i eiga campingvogn, er det ein fast sats.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.