Meirverdiavgiftssatsar for elektroniske tenester kjøpte frå utlandet

Sats

  • Skriv ut

Privatpersonar i Noreg, som ikkje er næringsdrivande, må betale meirverdiavgift når dei kjøper elektroniske tenester frå utlandet (e-moms). Det er den som tilbyr elektroniske tenester som har ansvaret for å rekne ut og betale norsk meirverdiavgift. Tilbydarar av slike tenester kan registrere seg via voesnorway.com.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Elektronisk teneste

Mva-sats

Døme

Levering og hosting av nettstader, fjernvedlikehald av programvare og maskinvare

25 %

Hosting av nettstader
Automatisert online fjernvedlikehald av programvare
Fjernforvalting av system
Online datavarehus
Online levering av lagringsplass 

Programvare og oppdatering av programvare

25 %

Tilgang til eller nedlasting av programvare og oppdateringar
Nedlasting av bannerblokkarar
Nedlasting av drivarar
Automatisert online installering av filter på nettsider
Automatisert online installering av brannmur

Levering av bilete, tekstar og informasjon og tilgang til databasar

25 %

Tilgang til eller nedlasting av skrivebordstema
Tilgang til eller nedlasting av bilete eller skjermspararar
Digitalisert innhald av bøker og andre elektroniske publikasjonar
Abonnement på online aviser og tidsskrift
Webloggar og nettsidestatistikkar
Online nyheiter, trafikkinformasjon og verrapportar
Online informasjon som blir automatisk generert av programvare etter spesifikasjon frå brukar, til dømes kontinuerleg oppdatert børsinformasjon
Annonseplass, mellom anna bannerreklame
Bruk av søkjemotorar og internettregister

Levering av musikk, film, spel, kringkasting og politiske, kulturelle, artistiske, sportslege, vitskaplege og underhaldningsmessige hendingar

25 %

Tilgang til eller nedlasting av musikk på datamaskinar og mobiltelefonar
Tilgang til eller nedlasting av ringetonar, jinglar, utdrag eller andre lydar
Tilgang til eller nedlasting av film
Nedlasting av spel på datamaskinar og mobiltelefonar
Tilgang til onlinespel som er avhengig av internett eller andre liknande elektroniske nett, der spelarane er langt frå kvarandre
Internettbasert kringkasting av hendingar, til dømes nett-tv, nett-radio. Dette gjeld sjølv om kringkasting samtidig skjer over tradisjonelt radio eller tv-nett. (dette er eit avvik frå EU sin definisjon, og det er grunngitt med at også elektroniske kommunikasjonstenester kjem inn under omgrepet ”elektroniske tenester”, jf. omtale ovanfor.

Levering av fjernundervisning

25 %

Automatisert fjernundervisning som er avhengig av internett eller liknande elektroniske nett og som berre krev avgrensa eller ingen menneskeleg innblanding, mellom anna virtuelle klasserom. Ei teneste der internett eller liknande nett i hovudsak blir brukte som eit kommunikasjonsmiddel mellom lærar og elev, er ikkje ei elektronisk teneste. Studiemateriale som eleven svarar på på nett og som blir vurdert automatisk utan menneskeleg innblanding                                                                 

 

Andre tenester

25 %

Nettauksjonar, marknadsplassar og shoppingportalar som baserer seg på automatiserte databasar og inndata frå kundar, og som krev avgrensa eller inga menneskeleg innblanding        

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.