Meirverdiavgiftssatsar kjøp av tenester frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen

Sats

  • Skriv ut

Næringsdrivande og offentlege institusjonar skal rapportere og betale norsk meirverdiavgift når dei kjøper avgiftspliktige tenester frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Kjøparen har plikt til å betale meirverdiavgift på tenester kjøpte frå utlandet

Når norske selskap kjøper tenester frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen er dei sjølve ansvarlege for å rekne ut og betale meirverdiavgift i Noreg. Føresetnadene er:

  • Kjøparen må vere ei offentleg verksemd eller næringsdrivande som driv verksemd i Noreg eller har tilknyting til Noreg. Dette gjeld òg utanlandske verksemder som har ein meirverdiavgiftsrepresentant i Noreg.
  • Tenesta er avgiftspliktig dersom ho hadde blitt selt i Noreg.
  • Tenesta kan utførast kvar som helst.

Kjøpet må gjelde ei teneste som blir utført kvar som helst

For at du skal kunne seie at du har kjøpt ei teneste frå utlandet, må dette vere ein type teneste som i prinsippet kan utførast kvar som helst. Det vil seie at ho kan fjernleverast.

Døme på tenester som kan fjernleverast:

  • rådgivings-/konsulenttenester 
  • rekneskapstenester 
  • tenester som blir leverte elektronisk, mellom anna digitale produkt leverte over nett
  • utleige av arbeidskraft

Dersom arbeidets art gjer at det må utførast i Noreg, til dømes når ein utanlandsk leverandør arbeider på ein eigedom i Noreg, pliktar leverandøren å registrere verksemda i Noreg. Det finst enkelte unnatak.

Transaksjonar internt i eit selskap

Når avdelingar i eit selskap, med kontor både i Noreg og i utlandet, utfører tenester for kvarandre reknar vi ikkje dette som omsetning eller kjøp. Når ei teneste blir levert frå ein ekstern leverandør til ein utanlandsk filial eller eit utanlandsk hovudkontor, for seinare å bli overført til bruk for filial/hovudkontor i Noreg, skal den norske mottakaren av tenesta behandle dette som sitt tenestekjøp og rapportere og betale norsk meirverdiavgift. Dette gjeld så lenge vilkåra for avgiftsplikta er oppfylte. Dette gjeld ikkje dersom det er rekna ut meirverdiavgift av tenesta i utlandet og verksemda kan dokumentere dette.

Berre for næringsdrivande eller offentlege institusjonar

Ordninga gjeld for næringsdrivande eller offentlege institusjonar som har hovudkontor, ein filial eller ein annan fast forretningsstad i Noreg.

Ordninga gjeld ikkje for privatpersonar og ideelle organisasjonar og foreiningar som ikkje driv næringsverksemd. Kjøper ein inn tenesta for å nytte ho i organisasjonen si næringsverksemd, må organisasjonen rapportere og betale meirverdiavgift.

Kjøpet må gjelde ei teneste som kan leverast over avstand

For at ei teneste skal kunne seiast å vere kjøpt frå utlandet, må tenesta vere slik at ho er eigna til å kunne bli utført ein stad og levert ein annan stad (teneste som kan fjernleverast). Døme på slike tenester er:

  • rådgivings-/konsulenttenester 
  • rekneskapstenester 
  • tenester som blir leverte elektronisk, mellom anna digitale produkt leverte over nett

Dersom arbeidet må utførast i Noreg, til dømes når ein utanlandsk leverandør arbeider på ein eigedom i Noreg, har leverandøren plikt til å registrere verksemda i Noreg.

Rapportering og betaling

Kjøparen må rekne om kjøpesummen til norske kroner ut frå tollvesenet sin kurs på leveringstidspunktet. Sjå importkalkulatoren på toll.no

Kjøparar som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret skal rapportere meirverdiavgift ved kjøp av tenester frå utlandet som utgåande avgift i mva-meldinga. Det er inga nedre beløpsgrense for slike kjøparar.

Kjøparar som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret skal rapportere gjennom mva-meldinga for omvendt avgiftsplikt (RF-0005). Plikta til å rapportere og betale gjeld berre dersom meirverdiavgiftsbeløpet for kvartalet utgjer minst 500 kroner, det vil seie at grunnlaget er minst kr 2000.

Sjå fristar for levering 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.