Meirverdiavgiftssatsar kjøp og sal av gull til næringsdrivande eller offentlege verksemder

Sats

  • Skriv ut

Som hovudregel er meirverdisatsen 10 % for inngangsbillettar for museum, galleri, fornøyelsesparkar, større idrettsarrangement osv.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Vare/teneste

Sats

Kommentar

Gull basert på vekt og finleiksgrad.

Skal reknast ut av kjøpar

Dersom du som næringsdrivande sel gull til andre næringsdrivande eller offentlege verksemder skal du ikkje rekne ut og krevje meirverdiavgift frå kjøparen. Dette gjeld omsetning av gull ned til ein finleiksgrad på 325 tusendelar. Du skal føre omsetninga som 0-sats i rekneskapssystemet ditt. Du skal òg føre opp i salsdokumentet at omsetninga kjem inn under reglane om omvendt avgiftsplikt og at det ikkje er rekna ut meirverdiavgift. Du skal skrive inn organisasjonsnummeret til kjøparen i salsdokumentet. Dersom kjøparen er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret skal det stå «mva» etter organisasjonsnummeret.

Gullsmykke og andre gullgjenstandar

25 %

Blir rekna som vanleg sal.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.