Meirverdiavgiftssatsar velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Sats

  • Skriv ut

Velgjerande og allmennyttige organisasjonar er som hovudregel fritekne for mva dersom dei har omsetning under 140 000. Det finst somme unnatak og fritak frå mva-reglane som er laga for organisasjonar. Les meir om meirverdiavgift for velgjerande og allmennyttige organisasjonar.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

Varer og tenester som er fritekne for mva for organisasjonar

 Vare/teneste

Mva-sats 

Kommentar 

Sal eller utleige av fast eigedom (bortsett frå næringsmessig utleige av fritidseigedomar som er avgiftspliktig)

0 % Friteken 

 

Program og katalogar som organisasjonane sel i samband med arrangementa sine

0 % Fritekne

 

Sal av varer til vesentleg overpris

0 % Friteke

Med «vesentleg overpris» meiner vi at prisen for vara er minst seks gonger beløpet som ho blei kjøpt inn for. Dersom organisasjonen har fått vara gratis, må organisasjonen selje vara for eit beløp på minst seks gonger det slike varer vanlegvis blir selde for. Du skal rekne ut verdien til vara på det tidspunktet organisasjonen tok imot ho.

Billettsal ved til dømes idrettsstemne og konsertar

 0 % Friteke

 

Sal av billettar, årskort, timeleige, greenfee eller liknande for tilgang til symjehallar, treningsstudio, tennisbaner, golfbaner o.a.

0 % Friteke

 

Medlems- og startkontingentar

0 % Fritekne

Som hovudregel er medlems- og startkontingentar fritekne for mva. Desse dekkjer ofte utgifter til innkjøp og vedlikehald av drakter og uniformer, treningsmateriell, musikkinstrument, medlemsblad osv. Dette gjer ikkje at organisasjonen blir avgiftspliktig for kontingentar. Dersom organisasjonen krev betaling for slike ytingar i tillegg til den vanlege kontingenten, må det vurderast i kvart einskild tilfelle kva som blir avgiftspliktig.

Offentlege tilskot

0 % Fritekne

 

Lotteri

0 % Fritekne

 

Bingo

0 % Fritekne

 

Omsetning av idrettsutøvarar

Vare eller teneste

Mva-sats

Kommentar

Omsetning av idrettsutøvarar

Friteken / 25 %

Når ein sel fotballspelarar og andre idrettsutøvarar omset moderklubben retten til å nytte spelaren og tek imot betaling for dette. Dette er i utgangspunktet ei avgiftspliktig teneste. Dersom tenesta i stor grad er knytt til den ideelle verksemda i idrettslaget, skal du ikkje rekne ut avgift av betalinga. Det er eit tilsvarande unnatak for sal/utleige av fotballspelarar frå andre enn idrettslag.

Vederlag til spelaragentar

25 %

Idrettsunnataket gjeld ikkje for spelaragenten som tek betaling for å gjennomføre sal av spelarar. Dette er ei avgiftspliktig formidlingsteneste.

Trenarar

0 % Fritekne

I samband med unnataket for undervisningstenester er det gjort unnatak for fritidsretta undervisning, som undervisning på musikk-, danse-, ski-, ride-, og symjeskular. Dette unnataket gjeld òg idrettstrenarar, helsestudiotrenarar og personlege trenarar.

Startpengar

0 % Fritekne / 25 %

Arrangøren av idrettsarrangement betaler i somme tilfelle startpengar til ein utøvar for at ho eller han skal delta i idrettsaktiviteten. Dette kjem ikkje inn under idrettsunnataket og du må rekne ut meirverdiavgift på startpengane, under føresetnad av at du driv næringsverksemd.

Premiepengar

0 % Fritekne

Dersom utøvaren tek imot premiepengar blir ikkje dette rekna som avgiftspliktig omsetning etter meirverdiavgiftslova.

Kioskar, servering, sal av musikkinstrument, uniformer osv.

Ein del organisasjonar driv kioskar, serveringsverksemd, sal av musikkinstrument, uniformer eller idrettsutstyr, sel program, omset tidsskrift eller bøker, arrangerer sporadiske salsaksjonar eller driv med andre former for salsverksemd. På alle desse områda er det særreglar for organisasjonane.

Vare/teneste

Sats

Kommentar

Generell omsetning av næringsmiddel

15 %

Som næringsmiddel reknar vi alle mat- eller drikkevarer og alle andre varer som er meint å blir konsumerte av menneske, unnateke legemiddel, vatn frå vassverk, tobakksvarer og alkoholhaldige drikkevarer.

Omsetning frå kiosk med faste, daglege opningstider

15 %

Driv ein organisasjon omsetning av varer frå ein kiosk med faste, daglege opningstider, blir dette rekna som næring, uansett om kiosken er plassert på eller i tilknyting til til dømes eit idrettsanlegg.

Omsetning frå kiosk på frivillig basis

0 % Friteken

Organisasjonane si kioskverksemd er friteken for registrerings- og avgiftsplikt dersom kiosken berre er open på organisasjonen sine arrangement eller treningar. Dette gjeld sjølv om det skjer dagleg, permanent arrangements- og treningsverksemd og kiosken omset minst 80 prosent av varene sine til deltakarar og tilskodarar under arrangementa, har eit avgrensa utval av typiske kioskvarer og blir drive av ulønna personale Det er ikkje frådragsrett for inngåande avgift for utgifter som kjem på i samband med slik avgiftsfri kioskverksemd. Er organisasjonen i tvil om kioskverksemda er friteken for registrerings- og avgiftsplikt, bør ein avklare dette med skattekontoret. Sjå og avsnittet Enkeltståande, kortvarige salsaksjonar eller arrangement.

Vaflar, kaffi o.l.

0 % Friteken

Fritaket for mva gjeld òg når organisasjonen sel varer som er laga av medlemmene frå avgiftsfrie kioskar i tillegg til vanlege kioskvarer. Dette kan vere til dømes vaflar, bollar, kaker og kaffi.

Serveringsverksemd

25 %

Verksemder som omset tenester som gjeld servering er   avgiftspliktig. Dette gjeld til dømes kaféverksemd, servering under offentlege dansetilstellingar, bingoarrangement og anna, som blir halde regelmessig.

Avgrensinga mellom serveringsteneste (25 prosent sats) og sal av næringsmiddel (15 prosent sats) er sentral.

Med serveringsteneste meiner vi servering frå serveringsstad, dvs. ein stad der det blir drive servering av mat og/eller drikke og der forholda ligg til rette for å ete og drikke på staden.

Det finst somme unnatak. Kontakt skattekontoret for å få vite meir om dette.

 

Både avgiftsfritt og avgiftspliktig sal frå kioskar

Dersom organisasjonen driv både ein avgiftsfri kiosk og ein ordinær kiosk med vanlege opningstider, leigd hjelp og avgiftspliktig omsetning, skal den ordinære kiosken registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret.

Organisasjonen må då rekneskapsføre

  • alle innkjøp av kioskvarer i rekneskapen for den avgiftspliktige kioskverksemda,
  • og føre til frådrag inngåande avgift i avgiftsrekneskapen sin

Dette gjeld òg dei varene som skal omsetjast i den avgiftsfrie kiosken. Organisasjonen kan setje avgiftsgrunnlaget lik innkjøpsprisen for varene. Inngåande avgift og utgåande avgift blir dermed lik for varene som blir kjøpte inn til den avgiftsfrie kioskverksemda. Dette vil seie at organisasjonen ikkje får ekstra utgifter til meirverdiavgift.

Grupper eller avdelingar i organisasjonen kan òg bruke dette utrekningsgrunnlaget når dei driv avgiftsfri kioskverksemd og dei overfører salsvarer frå den avgiftspliktige kiosken. Det finst somme føresetnader for ei slik organisering.

 

Omsetning frå bruktbutikkar til inntekt for gode føremål

 

Vare/teneste

Sats

Kommentar

Organisasjonar si omsetning av varer frå bruktbutikkar med allmennyttig føremål

0 % Friteken

Det er strenge krav for at dette unnataket skal gjelde. Mellom anna må heile overskotet av omsetninga gå til det allmennyttige føremålet. Butikken må berre selje brukte varer den har fått gratis, og nytte frivillig, ulønna arbeidskraft. Kontakt skattekontoret dersom du vil vite meir.

 

Sal av musikkinstrument, uniformer, idrettsutstyr osv. for organisasjonar

Organisasjonar sel ofte varer til medlemmene som ikkje har som føremål å gi organisasjonen overskot. Dette er ei form for fellesinnkjøp. Det kan til dømes dreie seg om sal av musikkinstrument, uniformer, idrettsutstyr og anna.

Vare/teneste

Sats

Kommentar

Musikkintstrument

0 % Fritekne

Dersom omsetninga ikkje gir forteneste for organisasjonen, men berre dekkjer organisasjonen sine kostnader i samband med innkjøp og vidaresal, vurderer vi ikkje verksemda som næringsverksemd. Organisasjonen har inga avgiftsplikt og heller ingen rett til frådrag for inngåande avgift.

Uniformer

0 % Fritekne

Dersom omsetninga ikkje gir forteneste for organisasjonen, men berre dekkjer organisasjonen sine kostnader i samband med salet, vurderer vi ikkje verksemda som salet som næringsverksemd. Organisasjonen har inga avgiftsplikt og heller ingen rett til frådrag for inngåande avgift.

Idrettsutstyr

 

0 % Friteke

Dersom omsetninga ikkje gir forteneste for organisasjonen, men berre dekkjer organisasjonen sine kostnader i samband med "salsverksemda", vurderer vi ikkje verksemda som salet som næringsverksemd. Organisasjonen har inga avgiftsplikt og heller ingen rett til frådrag for inngåande avgift.

Vanleg sal av varer

25 %

Dersom organisasjonen samtidig driv avgiftspliktig omsetning av tilsvarande varer, skal han rekneskapsføre i avgiftsrekneskapen alle innkjøp av slike omsetningsvarer – både til den vanlege næringsverksemda og det som blir omsett internt i organisasjonen. Ein skal då òg rekne ut meirverdiavgift av den alminnelege omsetningsverdien i den regulære næringsverksemda for begge typar omsetning, sjølv om salet til medlemmene skjer utan forteneste.

Medlemsblad og andre tidsskrift

0 % Fritekne

Sal av tidsskrift til forbrukar er avgiftsfritt når minst 80 prosent av opplaget blir selt til betalande abonnentar eller delt ut til foreiningsmedlemmer.

Foreiningsmedlemmene må betale kontingent til foreininga, og foreininga må vere utgivar av tidsskriftet.

Tidsskrift må som hovudregel leverast med meirverdiavgift frå trykkjeria. Organisasjonar som ikkje er registreringspliktige for omsetning av tidsskrift, kan få levert avgiftsfrie tidsskrift utan meirverdiavgift frå trykkjeriet. Tidsskriftfritaket er nærare regulert i meirverdiavgiftsforskrifta § 6-3.  

Årsmeldingar, årbøker og andre bøker

0 % Fritekne

Sal av bøker og liknande til forbrukar er avgiftsfritt. Les meir om fritaket i meirverdiavgiftsforskrifta §6-4.

 

Enkeltståande, kortvarige salsaksjonar eller arrangement

Arrangørar av enkeltståande og kortvarige salsaksjonar eller salsarrangement som ikkje varer meir enn tre dagar, er ikkje avgiftspliktige for omsetning som skjer under aksjonen eller arrangementet. Det er ein føresetnad at verksemda ikkje har eit profesjonelt preg, der ein til dømes nyttar betalt arbeidshjelp.

Døme på denne typen verksemd er

  • loppemarknader
  • julemesser
  • "17. mai-sal" (bodsal)
  • "byttedagar"
  • dansearrangement
  • dørsal av blomar, kokosbollar, tørkerullar

Varer aksjonen eller arrangementet meir enn 3 dagar, må verksemda vurderast i høve til det alminnelege næringsomgrepet.

Vedvarande verksemd er avgiftspliktig

Vedvarande verksemd med omsetning av til dømes brukte ting, juletre eller musikkopptak er som hovudregel avgiftspliktig. Det er unnatak for omsetning av varer med minimal verdi og for bruktbutikkar. Du må kontakte Skatteetaten for å få nærare opplysningar om avgiftsplikta.

Sal av gjenstandar

Vare/teneste

Sats

Kommentar

Sporadisk sal, til dømes av postkort, kalendrar, drikkekrus og T-skjorter.

0 % Friteke

Meirverdiavgiftslova inneheld ein særregel når organisasjonar av og til omset gjenstandar av låg verdi. Denne omsetninga fell utanfor området til meirverdiavgiftslova. Organisasjonen kan då heller ikkje få frådragsrett for meirverdiavgifta som kjem på når ein kjøper inn varene.

Varer under 100 kr – inga 3-dagars grense

0 % Fritekne

Organisasjonar kan selje varer for under kr 100 utan å rekne ut meirverdiavgift. Det finst enkelte føresetnader. Mellom anna må omsetninga skje ved utvalde høve, i eit avgrensa tidsrom og som ledd i verksemda til organisasjonen. I særskilde tilfelle er det godteke at salsverksemda har vore drive i inntil ein månad.

Sal som ikkje er kortvarig – Jakkemerke, vimplar o. l.

0 % Friteke

Jakkemerk, vimplar og liknande varer med organisasjonen sin logo som skal seljast internt i organisasjonen, kan òg seljast utan meirverdiavgift,   sjølv om salet ikkje skjer i ein avgrensa tidsperiode. Dette gjeld òg når ein omset andre varer med logoen til eit overordna organisasjonsledd, som dugleiksmerke, deltakarmedaljar og liknande.

Verdien av kvar einskild gjenstand må ikkje vere meir enn 100 kr. Det er ikkje frådragsrett for inngåande meirverdiavgift i samband med utgifter som kjem på ved denne typen omsetning.

Sal av gjenstandar til vesentleg overpris

 

0 % Friteke

Meirverdiavgiftslova inneheld avgiftsunnatak også for velgjerande organisasjonar sitt sal av varer til vesentleg overpris. Dette omfattar òg slikt sal frå kommisjonær. Vi presiserer at unnataket berre gjeld varer og ikkje omsetning av tenester til vesentleg overpris.

Med «vesentleg overpris» meiner vi at prisen for vara utgjer minst seks gonger beløpet som ho blei kjøpt inn for. Dersom ein har fått vara gratis, må salsprisen utgjere minst seks gonger den alminnelege omsetningsverdien til vara på det tidspunktet då organisasjonen tok imot ho.

Katalogar, program, suvenirar o.l. ved arrangement

0 % Fritekne

Arrangørar av utstillingar, konsertar og stemne er unnatekne frå avgiftsplikta når dei sel katalogar, program, prospektkort og suvenirar. Dette gjeld sjølv om arrangementet strekkjer seg ut over tre dagar og verdien overstig 100 kr. Salet må skje i samband med arrangementa. Arrangøren ikkje er friteken for meirverdiavgift (inngåande avgift) i samband med innkjøpet av varene, og har ikkje frådragsrett for avgifta.

Avgiftspliktige annonsar  Dersom trykksakene inneheld annonsar, og organisasjonen er avgiftspliktig for omsetning av annonsetenestene, har organisasjonen frådragsrett for den delen av den inngåande avgifta som gjeld annonsane i trykksaka. Annonsar i program er i visse tilfelle fritekne for avgift.

Ting som ikkje er suvenirar

0 % Fritekne

Vanlege ting som til dømes T-skjorter, pennar og drikkekrus definerer vi ikkje som suvenirar: Organisasjonar kan likevel selje desse avgiftsfritt dersom dei kjem inn under ei av dei andre fritaksordningane i dette kapittelet.   Det gjeld sjølv om gjenstandane er dekorerte på ein slik måte at dei minner kjøparen og andre om deltakinga i arrangementet.

Derimot kan ein til dømes omsetje plakatar frå arrangementet og andre gjenstandar som hovudsakleg har verdi som minne om arrangementet, utan å rekne ut avgift.

Sponsorinntekter og reklameverksemd

25 %

Når ein organisasjon har sponsorinntekter og reklameverksemd av eit visst omfang, er dette som hovudregel avgiftspliktig.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.