Trinnskatt

Sats

  • Skriv ut

Ein ny trinnskatt til staten blei innført frå og med inntektsåret 2016, erstattar toppskatt på høge inntekter. Trinnskatten er ein progressiv skatt på brutto lønn og anna personinntekt

Satsen gjeld for inntektsåret 2016

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

For 2015 gjeld framleis reglar og satsar for toppskatt.

Trinnskatten for personlege skattytarar blir utrekna i lønnsinntekta til den einskilde, og i tilsvarande inntekter som erstattar lønnsinntekt, t.d. sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og pensjon. Trinnskatten består av fire trinn. For dei første 159 800 kroner av personinntekta di skal du ikkje betale trinnskatt.

  Inntekten mellom 0 - 159 800 kroner Ingen trinnskatt
Trinn 1 Inntekta mellom 159 800 – 224 900 kroner 0,44 % trinnskatt
Trinn 2 Inntekta mellom 224 900 – 565 400 kroner 1,7 %  trinnskatt
Trinn 3 Inntekta mellom 565 400 – 909 500 kroner 10,7 % trinnskatt  *
Trinn 4 Inntekta over 909 500 kroner 13,7 % trinnskatt

* busette i Finnmark og Nord-Troms 8,7 %

Om trinna

Trinnskatten har stigande skattesatsar fordelt på fire trinn der dei to nedste trinna får verknad for lågare inntektsnivå enn toppskatten har gjort. Det første trinnet gjeld inntekt i det lågaste inntektsintervallet, og dei andre trinna inntekt utover dette. Innslagspunkta i trinn 3 og 4 svarar til innslagspunkta i toppskatt for 2015, lønnsjustert til 2016-nivå. Satsane og inntektsnivåa er dei same uansett om du blir likna i skatteklasse 1 eller om du blir likna under eitt med ektefelle i skatteklasse 2.

Den nye trinnskatten har samanheng med at skatt på alminneleg inntekt blei redusert frå 27 % til 25 % med verknad frå inntektsåret 2016. Alminneleg inntekt er alle typar skattepliktige inntekter med frådrag for alle kostnader med frådragsrett.

Den særskilde skattefordelen i toppskatten (redusert sats) som busette i Finnmark og Nord-Troms har fått tidlegare, er vidareført ved at skattesatsen i trinn 3 er sett til 8,7 % for dei som er busette i denne regionen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.