Trygdeavgift

Sats

  • Skriv ut

Trygdeavgifta er med på å finansiere folketrygda. Trygdeavgifta blir berekna av personinntekta.

Satsen gjeld for inntektsåret 2017

Treng du satsar i samband med skattemeldinga (sjølvmeldinga), må du sjå på 2016

Med inntektsåret meiner vi det året inntekta eller utgifta oppstår. Satsane for inntektsåret vert nytta i skattemeldinga (sjølvmeldinga) og skatteberegninga.

Med skattefastsettingsåret meiner vi året etter inntektsåret, kor skattemeldinga (sjølvmeldinga) for inntektsåret skal leverast/kontrollerast og skatten vert berekna.

 Sats
Lønnsinntekt, sjukepengar osb. (personar i alderen 17 til 69 år)  8,2 %
Lønn og næringsinntekt (personar yngre enn 17 år og eldre enn 69 år)  5,1 %

Primærnæringsinntekt innanfor fiske, fangst / barnepass*

8,2 %
Anna næringsinntekt  11,4 %
Pensjonsinntekt osb. 5,1 %
Nedre grense i personinntekta/grunnlaget for å beregne trygdeavgift  54 650 kr

Avgifta utgjer aldri meir enn 25 prosent av den delen av personinntekta/grunnlaget som overstig 54 650 kroner 

* Næringsdrivande innanfor fiske og fangst og barnepass i eigen heim (barn under 12 år eller med særskilt behov for omsorg og pleie) har 8,2 prosent trygdeavgift på næringsinntekta.  Lågare trygdeavgiftssats for fiske og fangst og barnepass i eigen heim har samanheng med at desse næringane betalar produktavgift som mellom anna skal dekkje differansen mellom 8,2 prosent og 11,4 prosent trygdeavgift.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.