Opplysningsplikt for godtgjersle til opphavsmann av åndsverk

  • Skriv ut

Honorar eller anna godtgjersle som er utbetalt til opphavsmann til åndsverk der opphavsmannen er eit aksjeselskap, stifting eller andre selskapsformer som ANS og DA skal ikkje rapporterast i A-ordninga.

Det har kome ein førespurnad til Skattedirektoratet om kor langt opplysningsplikta når etter a-opplysningslova § 3 første ledd litra a, jf. likningslova § 5-2 nr. 1 litra f (skatteforvaltingslova § 7-2 (1) bokstav f). Føresegna gjeld rapportering av "honorar eller anna godtgjersle som er utbetalt opphavsmann til åndsverk" i samsvar med a-ordninga.

Frå og med inntektsåret 2016 er det ikkje mogeleg å rapportere i a-ordninga ved å bruke organisasjonsnummer til å identifisere inntektsmottakar. Bakgrunnen for den nemnde avgjerda er at slik rapportering fell utanfor a-opplysningslova og a-opplysningsforskrifta. 

Eit spørsmål som då oppstår er korleis ein skal rapportere når opphavsretten er overdregen til ein juridisk person, til dømes eit aksjeselskap eller ei stifting, og der den som tek imot godtgjersla dermed ikkje har eit fødsels- og personnummer eller eit såkalla D-nummer.

Ordlyden etter likningslova § 5-2 nr. 1 litra f (skatteforvaltingslova § 7-2 (1) bokstav f) er generell og avgrensar ikkje opplysningsplikta avhengig av i kva føretaksform mottakaren av vederlaget driv verksemd. Det følgjer likevel av samanhengen og innleiinga i føresegna om lønnsopplysningar i likningslova § 5-2 (skatteforvaltingslova § 7-2) at ho regulerer vederlag ytt "til kvar einskild mottakar". 

Det er ikkje naturleg å karakterisere utbetaling til opphavsmann til åndsverk der det er eit aksjeselskap eller ei stifting som har teke over opphavsretten, som utbetaling til éin einskild mottakar. Honorar eller anna godtgjersle som er utbetalt til opphavsmann til åndsverk der opphavsmannen er eit aksjeselskap, stifting eller andre selskapsformer som ANS og DA kjem difor ikkje inn under opplysningsplikta etter den ovannemnde føresegna og skal difor ikkje rapporterast i a-ordninga.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.