Feil i a-meldingane kan gi arbeidstakaren tilleggsskatt

  • Skriv ut

Sjølv om arbeidstakaren har eit sjølvstendig ansvar for å sjekke at ho/han har fått ei årleg samanstilling over innrapporterte opplysningar og kontrollere denne, er det likevel arbeidsgivaren sitt ansvar å sende inn dei rette opplysningane.

Opplysningane blir fylte ut på førehand i skattemeldinga til arbeidstakaren. 
Det er òg desse opplysningane ein legg til grunn når ein fastset og avreknar skatten til arbeidstakar, dersom det ikkje kjem inn andre opplysningar.

Opplysningane arbeidsgivar gir i a-meldingane er difor svært viktige for at arbeidstakaren skal få riktig skatt.

Konsekvensar av at arbeidsgivar ikkje sender inn a-meldingar, eller har levert opplysningar med feil eller manglar:

  • Inntekta til arbeidstakaren blir ikkje førehandsutfylt i arbeidstakaren si skattemelding
  • Arbeidstakaren kan ikkje nytte ordninga med leveringsfritak fordi arbeidstakaren sjølv må rette opp skattemeldinga.
  • Dersom arbeidstakaren gløymer å rette opplysningane i skattemeldinga og dette fører til at skatten er eller kunne vore sett for lågt, blir arbeidstakaren vanlegvis pålagt tilleggsskatt. Tilleggsskatt blir berekna med 20 prosent av den skattemessige fordelen som er eller kunne ha vore oppnådd. Satsen er 10 prosent når dei feilaktige eller ufullstendige opplysningane gjeld opplysningar som òg er gitt av arbeidsgivar eller andre.
  • Det som er trekt i skatt av inntekta til arbeidstakaren blir ikkje registrert på arbeidstakaren
  • Skatteoppgjeret til arbeidstakaren blir feil.
  • Arbeidstakaren si samanstilling over opplysningane som arbeidsgivar har sendt inn i a-meldingane blir feil.
  • Arbeidsgivarar som oppdagar at det er feil eller manglar i a-meldingane som allereie er sende inn, må snarast råd korrigere opplysningane.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.