Arbeidsgivar sitt tilskot til barnehage som ikkje er bedriftsbarnehage

  • Skriv ut

Det er skattefritak for arbeidsgivar sitt tilskot til barnehage som ikkje oppfyller vilkåra for å vere bedriftsbarnehage. Det er eit vilkår at tilskotet gjeld plassar til dei tilsette sine eigne barn. Skattefritt tilskot til drifta av barnehagen er avgrensa oppover til kr 3 000 per månad per plass.

Dersom den tilsette på grunn av arbeidsgivaren sitt tilskot betaler mindre enn maksimumsprisen i den aktuelle barnehagen, skal likevel differansen mellom maksimalprisen og den tilsette si eigenbetaling (foreldrebetaling), reknast som skattepliktig inntekt for den tilsette. 

Tilskotet til barnehageplass skal innrapporterast i a-meldinga for kvar kalendermånad. 

Her kan du lese meir om A-ordninga 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.