Pliktar eg å betale arbeidsgivaravgift?

  • Skriv ut

Som arbeidsgivar pliktar du å betale arbeidsgivaravgift av lønn og anna godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold som du pliktar å rapportere inn.

Det er med dette to vilkår som må vere oppfylte:

Vilkåra inneber at du ikkje skal betale arbeidsgivaravgift når arbeidet eller oppdraget er utført som ledd i sjølvstendig næringsverksemd. Det finst somme unnatak der avgiftsplikta likevel ikkje er knytt til innrapporteringsplikta. 

Skal eg betale arbeidsgivaravgift for arbeid utført av sjølvstendig næringsdrivande?

Når ein sjølvstendig næringsdrivande utfører arbeid eller oppdrag for deg som ikkje kan seiast å vere ledd i næringsverksemda, skal du betale arbeidsgivaravgift av godtgjersla.

Pliktar skattefrie institusjonar og organisasjonar å betale arbeidsgivaravgift?

Institusjonar og organisasjonar som er skattefrie er likevel pliktige til å betale arbeidsgivaravgift når dei opptrer som arbeidsgivarar. For velgjerande eller allmennyttige institusjonar og organisasjonar er avgiftsplikta likevel vesentleg avgrensa.

Kva med lønna arbeid for velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon?

Du skal ikkje betale arbeidsgivaravgift for lønna arbeid for velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon når lønnsutgiftene ikkje er knytte til institusjonen eller organisasjonen si skattepliktige næringsverksemd.

Fritaket gjeld berre dersom dei samla lønnsutgiftene til institusjonen eller organisasjonen som er tidfesta i inntektsåret ikkje overstig kr 600 000, og berre for lønnsutbetalingar per tilsett som ikkje overstig kr 60 000 i inntektsåret. Som lønnsutgifter reknar vi òg fri kost og losji, utbetalte feriepengar og andre avgiftspliktige ytingar, mellom anna overskot på trekkpliktige utgiftsgodtgjersler.

Pliktar konkursbu og dødsbu å betale arbeidsgivaravgift?

Både konkursbu og dødsbu kan reknast som kvar ein annan arbeidsgivar med plikt til å betale arbeidsgivaravgift ved framleis drift av verksemda.

Kva skjer under eigarskifte i bedrifta?

Ved overføring av verksemd eller del av verksemd til ein annan innehavar, er den nye eigaren pliktig til å betale arbeidsgivaravgift av ytingar som den tilsette har erverva rett til før verksemdsoverdraginga, men som blir ytt av den nye eigaren.

Skal privatpersonar betale arbeidsgivaravgift?

Dersom du som privatperson får utført lønna arbeid i den private heimen og/eller fritidsbustaden din; til dømes vedlikehaldsarbeid eller hagearbeid i heimen eller på hytta, kan du ha plikter som arbeidsgivar etter regelverket.

Du skal ikkje betale arbeidsgivaravgift på lønnsutbetalingar for arbeid i privat heim og fritidsbustad dersom lønna ikkje gir deg rett til frådrag, arbeidet ikkje er ein del av arbeidstakaren si næring, og lønna ikkje overstig 60 000 kroner i løpet av inntektsåret.

Det gjeld forenkla reglar for private arbeidsgivarar.

Barnepass
Du skal ikkje betale arbeidsgivaravgift på lønnsutbetalingar for privat pass av barn som ikkje har fylt 12 år før utgangen av inntektsåret, eller som har eit særskilt behov for omsorg og pleie.

Ansvar og plikter som arbeidsgiver

Som arbeidsgiver har du et ekstra ansvar for forhold knyttet til dine ansatte.

Forskuddstrekk
Hver gang du utbetaler lønn til den ansatte skal du foreta skattetrekk i lønnen. Hvor mye du skal trekke følger av skattekortet til den ansatte. Som arbeidsgiver henter du skattekortene til dine ansatte elektronisk. 

Arbeidsgiveravgift
Som arbeidsgiver har du ansvaret for å beregne og betale arbeidsgiveravgift. Arbeidsgiveravgiften beregnes av brutto lønn til de ansatte. Satsen for arbeidsgiveravgiften følger den kommune hvor virksomheten har sitt hovedkontor og varierer mellom 0 % og 14,1 %.

A-melding
A-meldingen skal leveres av alle som har ansatte eller utbetaler lønn eller andre ytelser.A-meldingen skal sendes elektronisk minst en gang i måneden og inneholder opplysninger om alle ansatte, utbetalt lønn, skattetrekk og arbeidsgiveravgift med mer. 

6 ganger per år (hver 2. måned) skal du betale skattetrekk og arbeidsgiveravgift til skatteoppkreveren.  For å sende a-meldingen bør du ha et lønns- og personalsystem. Alternativt kan du bruke skjema A01 a-melding i Altinn. Mer informasjon om a-ordningen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.