Driv du som arbeidsgivar blanda verksemd?

  • Skriv ut

Dersom du som arbeidsgivar dels utfører aktivitetar som gir rett til redusert arbeidsgivaravgiftssats og dels aktivitetar som på grunn av sektorunnataka ikkje kan få redusert sats, blir du rekna for å drive blanda verksemd.

Arbeidsgivarar som driv fleire typar næringsverksemd, må gjere ei konkret vurdering av kvar einskild aktivitet som blir utført i verksemda, og ta stilling til om ein eller fleire aktivitetar kjem inn under eit av sektorunnataka. Alle sektorunnatekne aktivitetar fører i utgangspunktet til at du som arbeidsgivar må nytte høg sats på alle lønnskostnader. Dette gjeld òg dersom berre ein liten del av den totale verksemda er sektorunnateken aktivitet. Til dømes kan transport av eige gods som eit ledd i næringsverksemda kome inn under sektorunnataket godstransport på veg (næringskode 49.41). Når eit byggjefirma transporterer materialar til byggjeplassen, eller ein møbelbutikk køyrer ut varer frå butikken til kunden, kjem dette inn under sektorunnataket godstransport på veg (næringskode 49.41). I og med at byggjefirmaet og møbelbutikken driv ein sektorunnateken aktivitet, sjølv om ein må rekne det som ei hjelpeteneste for hovudverksemda, skal arbeidsgivaren nytte høgaste sats når ein bereknar arbeidsgivaravgift av alle lønnskostnadene.    

Arbeidsgivarar som driv blanda verksemd, kan nytte redusert sats på den delen av lønnskostnadene som er knytt til aktivitetar som kjem inn under ordninga med differensierte satsar. Føresetnaden er at arbeidsgivaren set opp eit klart rekneskapsmessig skilje.

Med eit klart rekneskapsmessig skilje meiner vi at det skal vere mogeleg å kontrollere kor stor del av arbeidsgivar sine lønnskostnader som er knytt til dei ulike verksemdsområda. Dersom du ønskjer meir informasjon om kva for krav ein stiller til eit klart rekneskapsmessig skilje, kan du sjå SKD-melding om arbeidsgivaravgift til folketrygda.

Det er arbeidsgivaren sjølv som avgjer om ein skal etablere eit klart rekneskapsmessig skilje, eller om arbeidsgivar vil unnlate å etablere eit slikt skilje og dermed betale arbeidsgivaravgift med høgaste sats av alle lønnskostnadene. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.