Fribeløp for arbeidsgivar

  • Skriv ut

For arbeidsgivarar i sone 1a gjeld det ei fribeløpsordning. Det gjeld òg ei fribeløpsordning for arbeidsgivarar i sonene II-V som driv sektorunnateken aktivitet.

Det blir berre gitt eitt fribeløp per arbeidsgivar.

Med arbeidsgivar forstår vi i denne samanheng juridisk eining, sjå einingsregisterlova §§ 2 og 4 første ledd. Sjølv om det innanfor kvar einskild juridiske eining er registrert fleire juridiske undereiningar, har du som arbeidsgivar berre krav på eitt fribeløp. Dersom den juridiske eininga er ein del av eit konsern, må heile konsernet sjåast under eitt. Med konsern forstår vi ei gruppe av føretak med ei slik tilknyting til kvarandre at eitt føretak verkar bestemmande inn på minst eitt anna føretak.

Fribeløpsordninga i sone Ia

Dersom du er arbeidsgivar i sone 1a, gjeld det ei fribeløpsordning. Fribeløpet er på kroner 500 000 per år. Arbeidsgivarar i sone 1a kan berekne arbeidsgivaravgift med ein sats på 10,6 prosent inntil den fordelen dette resulterer i, utgjer kroner 500 000. Når differansen mellom arbeidsgivaravgift berekna etter høgaste sats (14,1 prosent) og arbeidsgivaravgift berekna etter redusert sats (10,6 prosent) overstig kroner 500 000, må arbeidsgivaren gå over til å nytte høgaste sats (14,1 prosent).

Arbeidsgivarar kan berekne når verksemda ikkje lenger kan nytte satsen på 10,6 prosent, på følgjande måte: Samla lønnskostnader for å nytte satsen på 10,6 prosent = 500 000/(0,141 – 0,106)

Ønskjer du ei oversikt over kva for kommunar som tilhøyrer sone 1a, kan du sjå SKD-melding om arbeidsgivaravgift til folketrygda.

Fribeløpsordninga i sonene II-V for sektorunnateken aktivitet

Arbeidsgivarar som utfører sektorunnateken aktivitet skal som utgangspunkt betale arbeidsgivaravgift med høgaste sats (14,1 prosent). Dette gjeld uavhengig av kvar verksemda er lokalisert.

Arbeidsgivarar som driv sektorunnateken aktivitet kan likevel nytte dei differensierte satsane innanfor eit fribeløp på kroner 500 000 i sonene II-V. Den generelle fribeløpsordninga i sone Ia, gjeld òg for sektorunnatekne aktivitetar.

Fribeløpet gjer at ein kan berekne arbeidsgivaravgifta med differensierte satsar inntil differansen mellom arbeidsgivaravgift etter høgaste sats og avgift etter satsen i sonen der arbeidsgivaren er registrert utgjer kroner 500 000 i inntektsåret. Når fribeløpet er brukt opp må arbeidsgivar gå over til å nytte satsen på 14,1 prosent.

For godstransport på veg er fribeløpet kroner 250 000.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.