Kva for verksemder skal betale arbeidsgivaravgift med høgaste sats?

  • Skriv ut

Arbeidsgivarar som driv aktivitet innanfor visse næringssektorar, kan i utgangspunktet ikkje nytte redusert sats når dei bereknar arbeidsgivaravgift. Slike aktivitetar kallar vi sektorunnatak.

Dei sektorunnatekne næringane er energisektoren, transportsektoren, flyplassar, stålsektoren, syntetfibersektoren, finans- og forsikringssektoren, og hovudkontorfunksjonar og visse rådgivingstenester i konsern. Aktivitetane innanfor desse sektorane er unnatekne frå den generelle ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift. Dersom du som arbeidsgivar driv verksemd innanfor ein unnateken næringssektor, skal du som utgangspunkt nytte den høgaste satsen i alle soner.

Fleire av sektorunnataka er oppgitt ved hjelp av næringskodar (NACE-kodar). Dei ulike næringskodane har ei skildring av kva for aktivitetar som fell inn under kvar einskild kode. Du som arbeidsgivar må vurdere om aktivitetane i verksemda di kjem inn under ein sektorunnateken næringskode. Når eit sektorunnatak er definert av ein næringskode, er det avgjerande om aktiviteten isolert sett kjem inn under omtalen av næringskoden. Sjå ein nærare omtale av kvar einskild næringskode (NACE-kodane). 

Arbeidsgivarar som driv verksemd innan sektorunnatekne næringar, får tildelt eit fribeløp. Fribeløpsordninga inneber at arbeidsgivarar likevel kan nytte differensierte satsar innanfor eit gitt fribeløp. Dersom du ønskjer meir informasjon om fribeløp, kan du sjå SKD-melding om arbeidsgivaravgift til folketrygda.

 

For arbeidsgivarar som driv sektorunnateken aktivitet gjeld desse satsane:

Sone

Sats

I

14,1 %

Ia

10,6 %  (fribeløp kr 500 000)*

II

10,6 %  (fribeløp kr 500 000)*

III

 6,4 %   (fribeløp kr 500 000)*

IV

 5,1 %   (fribeløp kr 500 000)*

Iva

 7,9 %   (fribeløp kr 500 000)*

V

 0 %      (fribeløp kr 500 000)*

*Arbeidsgivarar må nytte ein sats på 14,1 % etter at fribeløpet er brukt opp. Merk òg at arbeidsgivarar som driv aktiviteten godstransport på veg har eit lågare fribeløp.

Dersom du som arbeidsgivar driv sektorunnateken aktivitet, skal du rapportere inn med utrekningskode "Sektorunnateken aktivitet" i a-meldinga (med unnatak av godstransport på veg som skal nytte utrekningskode "Godstransport på veg"). 

Produksjon av stål og syntetiske fiber

Stål- og syntetfibersektorane er definerte i Annex II og IIa til ESA sine retningslinjer for regionalstøtte 2014-2020, SKD-melding om arbeidsgivaravgift til folketrygda. 

Transportsektoren

Transportsektoren omfattar desse næringskodane:

49.1 Passasjertransport med jernbane

49.2 Godstransport med jernbane

49.31 Transport med rutebil og sporveg i by- og forstadsområde

49.39 Landtransport med passasjerar ikkje nemnt annan stad

49.41 Godstransport på veg, til dømes utleige av lastebilar med førar

50 Sjøfart

51.1 Lufttransport med passasjerar

51.21 Lufttransport med gods

Transportsektoren omfattar såleis ikkje alle former for transport. Til dømes kjem drosjetransport (næringskode 49.32), flyttetransport (næringskode (49.42), post- og distribusjonsverksemd (næringskode 53) eller lagring og andre tenester knytt til transport (næringskode 52), ikkje inn under sektorunnataket.

Ein nærare omtale av kva for aktivitetar som fell inn under kvar einskild kode finn du i SKD-melding om arbeidsgivaravgift til folketrygda. 

Transport av eige gods som ledd i næringsverksemd (eigentransport), kjem inn under sektorunnataket transport dersom den aktuelle typen transport i seg sjølv, kjem inn under ein unnateken næringskode.

Lufthamner

Sektorunnataket lufthamner omfattar næringskode 52.23.

Aktivitetane som blir unnatekne er aktivitetar knytte til infrastruktur og tenester som er nødvendige for å kunne gjennomføre lufttransport av personar og gods. Dette gjeld alle aktivitetar som inngår i næringskode 52.23.

Dersom du som arbeidsgivar utfører andre aktivitetar på flyplassar i soner med redusert sats, til dømes driv restaurantar, kan du nytte redusert sats på lønn til slike aktivitetar.

Energisektoren

Unnataket omfattar næringskode 35 Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvassforsyning.

Sektorunnataket omfattar ikkje alle energirelaterte aktivitetar. Bergdrift og utvinning, mellom anna olje- og gassutvinning kjem til dømes ikkje inn under dette. Det gjer heller ikkje reparasjon, feilretting og vedlikehald av kraftanlegg og linjenett.

Finans- og forsikringssektoren

Unnataket gjeld næringskodane 64 Finansieringsverksemd, 65 Forsikringsverksemd, 66 Tenester knytte til finansierings- og forsikringsverksemd. Næringskodane omfattar aktivitetar innan bank- og forsikringsverksemd.

Hovudkontortenester og visse rådgivingstenester i konsern

Unnataket gjeld desse næringskodane:

70.10 Hovudkontortenester

70.22 Bedriftsrådgiving og anna administrativ rådgiving (i konsern)

Dette sektorunnataket gjeld berre føretak som er ein del av eit konsern, og der tenestene blir ytt innanfor konsernet.

Unnataket omfattar ikkje aktivitetar knytte til juridisk bistand og representasjon, revisjon og skatterådgiving.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.