Utrekningskodar for arbeidsgivaravgift

  • Skriv ut

Etter folketrygdlova § 24-2 første ledd skal arbeidsgivaren av eige tiltak berekne arbeidsgivaravgift for kvar kalendermånad, og opplyse om berekna avgift og grunnlaget for berekning av arbeidsgivaravgift for kvar kalendermånad etter reglane i a-opplysningslova. Arbeidsgivaravgifta bereknar ein ut ifrå eit avgiftsgrunnlag og ein avgiftssats. Avgiftssatsen kjem an på kva for sone arbeidsgivaren tilhøyrer og kva for type næring arbeidsgivar driv.

Ønskjer du utfyllande informasjon om korleis du bereknar og rapporterer inn arbeidsgivaravgift, viser vi til Skattedirektoratet si årlege melding om arbeidsgivaravgift til folketrygda.

Soner 
Verksemda si plassering er avgjerande for kva sone arbeidsgivar høyrer til. 

Den registrerte forretningsadressa i Einingsregisteret er avgjerande for kva sone dei juridiske einingane og eventuelle undereiningar blir plasserte i.

Det er likevel gjort unnatak frå denne regelen der arbeidstakar utfører hovuddelen av arbeidet i ei anna sone med høgare sats enn der verksemda er registrert, og det ikkje er plikt til å registrere ei undereining i denne andre sona. Unnataket er særleg aktuelt for ambulerande verksemd og for arbeidsutleige.  Med hovuddelen av arbeidet meiner vi her meir enn halvparten av talet på arbeidsdagar arbeidstakaren har gjennomført for arbeidsgivaren i ein kalendermånad. Kvar kalendermånad skal altså vurderast for seg. 

Ein kan ikkje alltid leggje opplysningane i Einingsregisteret til grunn. Det kan vere feilaktige opplysningar i registeret om kvar verksemda er plassert. Grunnen kan til dømes vere at ei verksemd har flytta, utan at ein har sendt inn endringsmelding eller at sendt melding ikkje er registrert. I desse tilfella skal arbeidsgivar likevel nytte satsen for den sona der føretaket skulle vore registrert. Dette gjeld likevel berre dersom riktig registrering hadde ført til ein høgare sats. Dersom riktig registrering hadde ført til ein lågare sats, må arbeidsgivar syte for at den registrert adressa er korrekt. 

For private arbeidsgivarar er soneplasseringa knytt opp mot den folkeregistrerte adressa. 

Utrekningskodar
Utrekningskoden kjem an på kva for næring verksemda driv. For å avgjere kva slags næring ein arbeidsgivar driv med, er det avgjerande kva slags verksemd arbeidsgivaren faktisk driv og ikkje nødvendigvis kva næringskode arbeidsgivar er registrert under i Einingsregisteret.


Dersom verksemda høyrer heime på Svalbard eller har tilsette som blir skattlagde etter svalbardskattelova, skal utrekningskoden Svalbard nyttast uavhengig av kva slags næring ein driv.

Ein skal som hovudregel bruke den same utrekningskoden for heile året. Det gjeld likevel eit unnatak for arbeidsgivarar med blanda verksemd, som må levere eitt sett med opplysningar for kvar aktuelle utrekningskode.

Det er òg gjort unnatak for føretak som kjem i økonomiske vanskar i løpet av året, der føretaket må gå over til å bruke utrekningskoden "Sektorunnateken aktivitet" frå det tidspunktet dei kjem i økonomiske vanskar.

Det er sju ulike utrekningskodar:

  • Generelle næringar (tidlegare utrekningskode AA)
  •  Helseføretak og delar av statsforvaltinga (tidlegare utrekningskode BB)
  • Sektorunnateken aktivitet (tidlegare utrekningskode CC)
  • Godstransport på veg (tidlegare utrekningskode GG)
  • Jord- og skogbruk og fiskeri (tidlegare utrekningskode DD)
  • Berre rapportering av forskotstrekk (tidlegare utrekningskode EE)
  • Lønnstrekk for Svalbard (tidlegare utrekningskode JJ)

Generelle næringar (tidlegare utrekningskode AA)
Skal nyttast av arbeidsgivarar som ikkje tilhøyrer nokon av unnataka spesifisert i dei andre utrekningskodane.

Arbeidsgivarar innanfor dei generelle næringane skal nytte desse satsane når dei reknar ut arbeidsgivaravgift:

Sone

 Sats

14,1 %

Ia 

10,6 % (fribeløp kr 500 000)

II 

10,6 %

III

  6,4 %

IV

  5,1 %

IVa

  7,9 %

V

  0 %

Helseføretak og delar av statsforvaltinga (tidlegare utrekningskode BB)
Skal brukast av føretak som kjem inn under helseføretakslova, og for dei delane av statsforvaltinga som ikkje kjem inn under ordninga med sentralt oppgjer. 

Arbeidsgivarar som kjem inn under denne utrekningskoden skal nytte desse satsane når dei reknar ut arbeidsgivaravgift:

Sone

 Sats

14,1 %

Ia 

14,1 % 

II 

10,6 %

III

  6,4 %

IV

  5,1 %

IVa

  7,9 %

V

  0 %

Sektorunnateken aktivitet (tidlegare utrekningskode CC)
Skal brukast av arbeidsgivarar som driv med sektorunnatekne aktivitetar, og føretak som kjem i økonomiske vanskar. 

Arbeidsgivarar som kjem inn under denne utrekningskoden skal nytte desse satsane når dei reknar ut arbeidsgivaravgift:

Sone

 Sats

14,1 %

Ia 

10,6 % (fribeløp kr 500 000)

II 

10,6 % (fribeløp kr 500 000)

III

  6,4 % (fribeløp kr 500 000)

IV

  5,1 % (fribeløp kr 500 000)

IVa

  7,9 % (fribeløp kr 500 000)

V

  0 % (fribeløp kr 500 000)

Kjem arbeidsgivar inn under denne utrekningskoden skal arbeidsgivaravgifta i utgangspunktet reknast ut etter den høgaste satsen. Det gjeld likevel ei fribeløpsordning som inneber at ein innanfor fribeløpet kan nytte differensierte satsar. Fribeløpet er på kr 500 000. Dette inneber at arbeidsgivar for denne verksemda kan nytte differensierte satsar inntil differansen mellom avgift berekna etter høgaste sats og avgift berekna etter differensiert sats utgjer kr 500 000 i inntektsåret. Arbeidsgivar kan berekne kor høge lønnskostnadene kan vere før satsen på 14,1 % skal nyttast, på denne måten:

Totale lønnskostnader for å nytte differensiert sats = 500 000*100/(14,1-differensiert sats) 

Når fribeløpet er brukt opp må arbeidsgivar nytte satsen 14,1 % for resten av året. Det gjeld berre eitt fribeløp per juridisk eining. Dersom den juridiske eininga er ein del av eit konsern, må likevel heile konsernet sjåast under eitt i denne samanhengen.

Arbeidsgivarar med aktivitetar innanfor desse næringssektorane blir rekna for å drive med sektorunnateken aktivitet og skal bruke denne utrekningskoden:

Stålsektoren

Aktivitetar knytte til produksjon av aktivitetar som nemnt i Annex II til ESA-retningslinjene for regionalstøtte 2014–2020

Syntetfibersektoren

Aktivitetar knytte til produksjon av aktivitetar som nemnt i Annex IIa til ESA-retningslinjene for regionalstøtte 2014–2020

Næringskodar, jf. Norsk standard for næringsgruppering (SN2007)

Energisektoren

Næringshovudområde 35

 Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvassforsyning

Transportsektoren

49.1

Passasjertransport med jernbane

49.2

Godstransport med jernbane

49.31

Transport med rutebil og sporveg i by- og forstadsområde

49.39 

Landtransport med passasjerar ikkje nemnt annan stad

50

Sjøfart

51.1

 Lufttransport med passasjerar

51.21 

Lufttransport med gods 

Lufthamner

52.23

Andre tenester knytte til lufttransport

Finansierings- og forsikringsverksemd o.a.

64

Finansieringsverksemd

65

Forsikringsverksemd og pensjonskasser, unnateke trygdeordningar som ligg under offentleg forvalting 

66

Tenester knytte til finansierings- og forsikringsverksemd

Hovudkontortenester og visse rådgivingstenester i konsern

70.10

Hovudkontortenester, men berre til ein viss grad gjeld dette tenester som blir ytte innanfor eit konsern

70.22 

Bedriftsrådgiving og anna administrativ rådgiving, men berre til ein viss grad gjeld dette tenester som blir ytte innanfor eit konsern

Føretak som blir rekna for å vere i økonomiske vanskar etter ESA sine retningslinjer om statsstøtte til føretak i vanskar, skal òg nytte utrekningskoden Sektorunnateken aktivitet (tidlegare utrekningskode CC) frå og med den kalendermånaden føretaket blir rekna for å vere i økonomiske vanskar.

Godstransport på veg (tidlegare utrekningskode GG)

Arbeidsgivar som driv verksemd innan godstransport på veg (Næringskode 49.41- Godstransport på veg, mellom anna utleige av lastebilar med førar) skal bruke denne utrekningskoden.   

Arbeidsgivarar som kjem inn under denne utrekningskoden skal nytte desse satsane når dei reknar ut arbeidsgivaravgift:

Sone

Sats

 I 

14,1 %

Ia

10,6 %  (fribeløp kr 250 000)

II

10,6 %  (fribeløp kr 250 000)

III

6,4 %     (fribeløp kr 250 000)

IV

5,1 %     (fribeløp kr 250 000)

IVa

7,9 %     (fribeløp kr 250 000)

V

0 %        (fribeløp kr 250 000)

Godstransport på veg kjem inn under sektorunnataket for transport. Arbeidsgivarar som driv verksemd som kjem inn under denne næringskoden skal difor i utgangspunktet berekne arbeidsgivaravgift etter høgaste sats (14,1%). Det gjeld også her ei fribeløpsordning som inneber at ein innanfor fribeløpet likevel kan nytte differensierte satsar.
Fribeløpet for godstransport på veg er på kr 250 000. 

Dette inneber at desse arbeidsgivarane kan nytte låg sats inntil differansen mellom avgifta som er berekna etter dei differensierte satsane og avgifta som er berekna etter den høge satsen på 14,1 % utgjer kr 250 000. Deretter skal ein nytte høg sats for resten av året. Arbeidsgivar kan berekne kor høge lønnskostnadene kan vere før satsen på 14,1 % skal nyttast, på denne måten: 

Totale lønnskostnader for å nytte differensiert sats = 250 000*100/(14,1-differensiert sats).

Det gjeld berre eitt fribeløp per juridisk eining. Dersom den juridiske eininga er ein del av eit konsern, må likevel heile konsernet sjåast under eitt i denne samanhengen.

Arbeidsgivarar som kjem inn under føresegna om godstransport på veg, kan òg drive med annan type verksemd (blanda verksemd). Ein kan til dømes finne kombinasjonar som består av godstransport og anna transportverksemd som kjem inn under utrekningskoden sektorunnateken aktivitet. Slike arbeidsgivarar får i utgangspunktet berre berekne eitt fribeløp på kr 250 000. Dersom ein etablerer eit rekneskapsmessig skilje mellom dei to ulike typane verksemd, kan arbeidsgivar likevel få eit fribeløp på kr 500 000, såframt ein ikkje nyttar meir enn kr 250 000 på godstransportdelen av verksemda.

Jord- og skogbruk og fiskeri (tidlegare utrekningskode DD)
Skal nyttast av arbeidsgivarar som driv ei verksemd som er avgrensa til å omfatte produkt som ikkje fell inn under EØS-avtalen. 

Arbeidsgivarar som kjem inn under denne utrekningskoden skal nytte desse satsane når dei reknar ut arbeidsgivaravgift:

Sone

Sats

I

14,1 %

Ia

10,6 %

II

10,6 %

III

6,4 %

IV

5,1 %

IVa

5,1 %

V

0 %

Dette gjeld dersom arbeidsgivaren driv verksemd innanfor desse næringskodane:

01.1-01.3     

Dyrking av eittårige vekstar, fleirårige vekstar planteformeiring

01.4

Husdyrhald 

01.5  

Kombinert husdyrhald og planteproduksjon 

01.6

Tenester knytte til jordbruk og etterbehandling av vekstar etter innhausting

01.7  

Jakt, viltstell og tenester knytte til jakt og viltstell 

02.1- 02.3

Skogskjøtsel og andre skogbruksaktivitetar, avverking og  innsamling av viltveksande produkt og anna enn tre og del av 16.10 (produksjon av pålar)

02.40

Tenester knytte til skogbruk, med unnatak av tømmermåling

03.11-03.12

Hav- og kystfiske og fangst og ferskvassfiske

03.21- 03.22

Hav- og kystbasert akvakultur og ferskvassbasert akvakultur

10.11-10.13

Tilarbeiding og konservering av kjøt og fjørfekjøt og produksjon av kjøt- og fjørfevarer

10:20

Tilarbeiding og konservering av fisk, skaldyr og blautdyr

10.3

Tilarbeiding og konservering av frukt og grønsaker 

10.4

Produksjon av vegetabilske og animalske oljar og feittstoff 

10.5

Produksjon av meierivarer og iskrem

10.6 

Produksjon av kornvarer, stivelse og stivelsesprodukt, i tillegg til del av 10.89 (produksjon av kunstig honning og karamell)

10.85 

Produksjon av ferdigmat

10.9 

Produksjon av fôrvarer

46.2 

Engroshandel med jordbruksråvarer og levande dyr

46.31

Engroshandel med frukt og grønsaker, og del av 10.39 (produksjon av skrelte grønsaker og blanda salatar)

46.32 

Engroshandel med kjøt og kjøtvarer

46.33

Engroshandel med meierivarer, egg, matolje og -feitt 

46.381 

Engroshandel med fisk, skaldyr og blautdyr

50.202

Innanriks sjøtransport med gods, men berre til ein viss grad gjeld dette drift av brønnbåtar

52.10 

Lagring, men berre til ein viss grad gjeld dette drift av kornsiloar

Berre rapportering av forskotstrekk (tidlegare utrekningskode EE)

Dette gjeld føretak som ikkje er pliktige til å betale arbeidsgivaravgift, eller som har sentralt oppgjer av arbeidsgivaravgift (statsforvaltinga), og som berre skal gi opplysningar om forskotstrekk. Skal ein gi opplysningar om pensjon må ein gjere dette under utrekningskoden for generelle næringar.

Lønnstrekk for Svalbard (tidlegare utrekningskode JJ)
Skal brukast dersom arbeidsgivar skal rapportere lønnstrekk etter svalbardskattelova som skal rapporterast under forskotstrekk/lønnstrekk. 

Grunnlag for arbeidsgivaravgift kan registrerast, men gir inga avgift ettersom satsen for Svalbard er 0.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.