Rapporter inn lønn med a-melding

  • Skriv ut

Som arbeidsgivar har du ei rekkje lovpålagde plikter, mellom anna til å gi opplysningar til det offentlege om utbetaling av lønn og andre godtgjersler for utført arbeid (lønnsrapportering).

Lønnsrapporteringa skjer i utgangspunktet månadleg via a-ordninga.

Det gjeld særskilde unnatak frå opplysningsplikta for mindre beløp.

Det gjeld vidare somme særreglar for utbetalingar til personar som er busette i utlandet, og utbetalingar frå arbeidsgivar som er heimehøyrande (busett) i utlandet.

Det gjeld forenkla rapporteringsordningar for arbeidsoppdrag knytte til heim eller fritidsbustad. Det gjeld òg forenkla rapporteringsordning for velgjerande og allmennyttige organisasjonar.

Opplysningane ein rapporterer via a-meldinga blir lagde til grunn ved likninga og avrekninga av skattytaren, dersom skatteetaten ikkje har haldbare opplysningar om noko anna. Det er difor viktig at opplysningane ein rapporterer inn er korrekte.

Er eg opplysningspliktig?

Rapporteringsplikta kviler på innehavaren i enkeltpersonføretak og dagleg leiar i selskap, foreining, institusjon eller innretning. Er det ingen dagleg leiar, kviler plikta på styreleiaren. Er ikkje arbeidsgivaren skattepliktig, kviler opplysningsplikta òg på den valde revisoren.

I konkursbu er bustyraren si opplysningsplikt avgrensa til utbetalingar etter konkursopninga. Opplysningsplikta omfattar òg lønn eller dividende av lønnskrav opptent før konkursen og feriepengar i oppseiingstida når dette blir rekna som ei prioritert fordring i buet.

For utbetalingar som er utførte i tida før konkursopninga er konkursdebitor ansvarleg for at det blir sendt inn lønnsoppgåver.

Ved utleige av arbeidskraft er utleigaren og leigetakaren solidarisk ansvarlege for å oppfylle opplysningsplikta.

Kva for ytingar skal ein rapportere inn?

Rapporteringsplikta omfattar ei rekkje ytingar som i løpet av ein kalendermånad er utbetalt eller på annan måte ytt.  Det er i likningslova § 5-2 oppgitt kva for ytingar som er oppgåvepliktige. Hovudregelen er at alle ytingar er oppgåvepliktige uavhengig av om ytingane er skattefrie eller trekkfrie. Oppgåveplikta for somme av ytingane byggjer på kontrollmessige eller statistiske omsyn.

Oppgjer for arbeidsoppdrag i form av varer og tenester skal òg takast med på lønnsoppgåva. Ein skal ikkje oppgi reine salsvederlag.

Opplysningsplikta omfattar først og fremst lønn eller anna godtgjersle for arbeid. Som utgangspunkt alle ytingar som er skattepliktige etter skattelova § 5-10, jf. § 5-1. Det er òg rapporteringsplikt for visse utgiftsrefusjonar og godtgjersler, sjølv om desse heilt eller delvis blir rekna som skattefri dekning av tenesteutgifter.

Døme på ytingar som er rapporteringspliktige:

  • Lønn, mellom anna fastlønn, timelønn, bonus, sluttvederlag, feriepengar.
  • Naturalytingar, mellom anna telefon, fri bil, fri bustad, tildeling av aksjar (ev. til underkurs).
  • Utgiftsgodtgjersler, mellom anna dekning av utgifter til reise, måltid, overnatting.

Opplysningsplikta gjeld òg pensjon, utbetalingar av uføretrygd etter folketrygdlova kapittel 12, og uføreytingar frå andre ordningar. Lønnsopplysningsplikta gjeld òg visse stønader.

Føderåd i jord- og skogbruk kjem òg inn under lønnsopplysningsplikta. Føderåd skal berre innrapporterast årleg.

Lønnsopplysningsplikta gjeld vidare honorar eller anna godtgjersle som er utbetalt opphavsmann til åndsverk. Slike ytingar skal rapporterast inn via a-meldinga, sjølv om slikt vederlag i visse tilfelle blir rekna som næringsinntekt.

Det gjeld òg ei rapporteringsplikt for visse utbetalingar til sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad. Dette skal rapporterast årleg via ei eiga oppgåve, og ikkje via a-meldinga.

Lott og part i fiske- og fangstnæringa skal òg rapporterast inn i a-ordninga. Det er gitt eigne retningslinjer for å rapportere lott og part, og det gjeld mellom anna særskilde fristar for rapportering.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.