Personalliste

  • Skriv ut

Frå 1. januar 2014 må serveringsstader, frisørar og skjønnheitspleiarar, i tillegg til bilverkstader og bilpleiebransjen føre personallister. Bok til å føre manuell personalliste kan du bestille gratis her.

Ei personalliste er ei liste over alle som arbeider i verksemda, inkludert ulønna og innleigd personale, og skal vise når dei startar og avsluttar arbeidsdagen. Lista skal førast på arbeidsplassen, og skal vere tilgjengeleg for kontroll i opningstida til verksemda.

Kvifor må ein føre lister?

I ein del bransjar har det vist seg å vere nødvendig med tiltak for å motverke svart arbeid. Erfaringar frå Sverige viser at personallister er eit tiltak som raskt gir dokumentasjon for at arbeidsforholda er i orden. Skatteetaten vil følgje opp med kontrollar, og vil ved å samarbeide med mellom anna NAV og Arbeidstilsynet kunne følgje opp og avdekkje useriøse aktørar.

Kva for bransjar skal føre personalliste?

  • Serveringsstader femner mellom anna om kafear, restaurantar, pubar, gatekjøkken og cateringverksemd.
  • Frisørar og skjønnheitspleie. Skjønnheitspleie er til dømes ansiktsbehandling, manikyr, pedikyr, kroppspleie, SPA, farging av vippar og bryn, tatovering av augnebryn, augekontur og lepper, tannbleiking og piercing. Solarium er unnateke.
  • Bilverkstad og bilpleie omfattar bilverkstader, bilvask og billakkering.

Det er ikkje krav om å føre personalliste dersom innehavaren med ektefelle og barn under 16 år er dei einaste tilsette. Er det andre innleigde eller innlånte, må ein føre liste. Alle som skal stå i personallista skal kunne leggje fram legitimasjon med bilete.


Les vanlege spørsmål og svar om personallister

Du kan føre personallister elektronisk

Du kan føre personallister elektronisk, til dømes i timebestillings- og tidsregistreringssystem, såframt dei oppfyller krava til personalliste. Du må sjølv finne ut kva for leverandørar som tilbyr dette. Du kan ikkje bruke rekneark eller tekstbehandlingsprogram der det er mogeleg å rette eller endre opplysningane direkte.

Føre manuelt? 

Skatteetaten sender ut gratis bøker til alle som bestiller. Bøkene er innbundne med førehandsnummererte sider, og har plass til å skrive namn, fødselsnummer og tid (inn/ut). Unike kodar kan erstatte fødselsnummer og D-nummer. Verksemda kan bestemme kodane sjølv. Dei skal i så fall utarbeide ei oversikt over kodane dei har brukt, med tilhøyrande fødselsnummer eller D-nummer. Kodeoversikta blir rekna som ein del av personallista, og skal kunne visast fram ved kontroll.

Det skal førast ei bok per verksemd, ikkje per avdeling og ikkje per person.

Kva skjer dersom du ikkje fører personalliste?

Dersom Skatteetaten avdekkjer avvik blir det pålagd gebyr. Gebyret for manglar med personallista er 10 rettsgebyr for første misleghalding, og 20 rettsgebyr dersom dette gjentek seg innan 12 månader. I tillegg kjem 2 rettsgebyr for kvar person som manglar i lista ved kontroll. Gebyret skal betalast av arbeidsgivar, ikkje arbeidstakar.

Du kan bestille personallister elektronisk
Du kan bestille personallister elektronisk

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.