Bror min og eg eig og driv eit aksjeselskap (bilpleie). Vi er begge dagleg leiar i selskapet. Det er ingen andre tilsette i selskapet. Må vi føre personalliste?

Ja, de skal føre personalliste. Unnataket i bokføringsforskrifta § 8-5-6 siste ledd gjeld når personalet berre består av innehavaren, eller dagleg leiar som òg er deltakar eller aksjonær i føretaket, deira ektefelle/sambuar eller barn under 16 år. Unnataket gjeld ikkje når det er fleire aksjonærar som arbeider i verksemda.