Idrettslaget vårt har ein liten kafé på klubbhuset der vi sel pølser, vaflar o.l. for å finansiere idrettslaget sine aktivitetar. Skal vi føre personalliste?

Nei, de har ikkje plikt til å føre personalliste. Plikta til å føre personalliste gjeld ikkje serveringsstader som blir drive av lag og foreiningar og liknande, der føremålet med serveringa berre er å skaffe inntekter til å drive laget eller foreininga.