Kva med faren for at fødselsnummer kjem på vidvanke?

Opplysningar om fødselsnummer eller D-nummer i personallista kan erstattast med unike kodar. Då må det utarbeidast ei oversikt over kodane og tilhøyrande fødselsnummer eller D-nummer. Kodeoversikta blir då rekna som ein del av personallista, men kan oppbevarast på arbeidsstaden åtskild frå personallista. Ein må kunne vise fram både personallista og kodeoversikta ved kontroll.