Kvar vår har vi ein ungdomsskuleelev utplassert i ei arbeidsveke. På same måte har vi ofte ein elev utplassert om hausten under Operasjon Dagsverk. Må vi føre desse inn i personallista?

I utgangspunktet skal også ulønna personale stå oppført i personallista, jf. bokføringsforskrifta § 8-5-6 andre ledd.  Dersom de kan dokumentere at dette gjeld ei utplasseringsveke eller Operasjon Dagsverk, kan de unnlate å føre denne personen inn i personallista.  Ein legg òg til grunn at slike kortvarige, dokumenterte utplasseringsavtaler ikkje medfører plikt til å føre personalliste for verksemder som kjem inn under unnataket i bokføringsforskrifta § 8-5-6 siste ledd (familiedrivne verksemder).