Vi arrangerer ein større musikkfestival. Skal alle som jobbar på festivalområdet stå oppført i lista, eller berre dei som jobbar i barområda?

På slike festivalar er det personallistepliktige området – serveringsstaden – avgrensa til barområda. Berre personalet som arbeider i desse områda har då plikt til å stå oppført i personallista.