Vi driv eit ANS (Ansvarleg Selskap) med to deltakarar. Personalet består berre av oss deltakarane, i tillegg til ektefellen min. Må vi føre personalliste?

Ja, de skal føre personalliste. Unnataket i bokføringsforskrifta § 8-5-6 siste ledd gjeld når personalet berre består av innehavaren, eller dagleg leiar som òg er deltakar eller aksjonær i føretaket, deira ektefelle/sambuar eller barn under 16 år. Unnataket gjeld ikkje når fleire deltakarar arbeider i verksemda.