Vi er to ektefellar som driv verksemd, må vi føre personalliste?

Dersom det berre er innehavaren, ektefellen til innehavaren, eller innehavaren sine barn under 16 år som arbeider i verksemda, treng de ikkje føre personalliste. 

Dersom det blir tilsett ein annan person, må de føre personalliste og då skal alle personane førast opp i lista.