Rolla som arbeidsgivar

  • Skriv ut

Som arbeidsgivar har du eit ekstra ansvar for dei tilsette. Du blir definert som arbeidsgivar dersom du betaler ut lønn eller anna godtgjersle eller yting.

Når er du arbeidsgivar?

  • Du er arbeidsgivar når du betaler ut lønn eller anna godtgjersle. Det vil seie at dersom det er du som betaler lønna, så er det òg du som er arbeidsgivaren.
  • Du er òg arbeidsgivar dersom ein annan (fullmektig) betalar på vegner av deg, men du har den økonomiske risikoen.
  • Privatpersonar som engasjerer nokon til til dømes vedlikehaldsarbeid eller hagearbeid i heimen eller på hytta, kan ha plikter som arbeidsgivar. For private arbeidsgivarar gjeld forenkla reglar.
  • I enkeltpersonføretak er du ikkje tilsett i di eiga verksemd. Har du tilsette i tillegg til deg sjølv og andre i din eigen familie, er du arbeidsgivar.
  • Dersom du arbeider i ditt eige aksjeselskap, blir du rekna som ein tilsett og arbeidsgivar.

Kva må du gjere som arbeidsgivar?

Når du blir arbeidsgivar må du setje deg inn i korleis du trekkjer skatt og sender inn opplysningar til Skatteetaten.

Tilset du nokon må du

  • Skrive arbeidskontrakt og innhente skattekort elektronisk via Altinn.
  • Melde dei tilsette inn i Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret) ved å sende inn a-meldinga. Når nokon tilsette sluttar, skal du òg melde dette via a-meldinga.
  • Betale arbeidsgivaravgift av lønna til dei tilsette. Arbeidsgivaravgifta har ulike avgiftssatsar, avhengig av kor i landet den tilsette er busett.
  • Betale inn skattetrekket 
    Skatten som du har trekt frå lønna til dei tilsette, skal du overføre til ein eigen skattetrekkskonto. Alternativt kan du syte for ein bankgaranti for beløp. Du får vite meir om dette hjå skatteoppkrevjaren/kemneren i kommunen din.

Skattetrekket skal betalast inn 6 gonger per år.


Gå til oversikt over datoar og fristar du må hugse som arbeidsgivar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.