Om elektronisk skattekort for arbeidsgivar

  • Skriv ut

Det er du som arbeidsgivar som må hente skattekort for dei tilsette elektronisk. Skatteetaten sender ikkje lenger ut skattekort i posten. 

Dette kan du anten hente via bestillingsløysinga på skatteetaten.no eller direkte i lønnssystemet ditt.

Hugs følgjande:

  • Du må hente skattekorta for dei tilsette elektronisk. 
  • Du treng ikkje få tilsendt og oppbevare skattekorta på papir.
  • Du får varsel når ein tilsett endrar skattekortet, og du vil alltid få tilgang på det nyaste skattekortet.

Sjå korleis du trekkjer rett skatt, steg for steg.

Korleis fungerer elektronisk skattekort

Før kvart inntektsår utferdar Skatteetaten eit nytt skattekort for alle ein reknar med kjem til å få trekkpliktig inntekt i det aktuelle inntektsåret. Skattekortet gjeld for eitt år av gongen. Arbeidstakarar kan når som helst endre skattekortet sitt, til dømes dersom han/ho har kjøpt bustad, teke opp lån eller dersom renteutgiftene har endra seg. Du får melding frå Skatteetaten når dei tilsette endrar skattekortet i løpet av året. Då må du hente det nye skattekortet.

Eit skattekort gjeld for heile inntektsåret eller for resten av inntektsåret dersom det er utferda nytt skattekort i løpet av inntektsåret.

Det finst fire typar skattekort, men som arbeidsgivar nyttar du sannsynlegvis berre tre av dei; tabellkort, prosentkort og frikort med beløpsgrense (fribeløpskort).

Arbeidstakaren har ikkje tilgang til sjølve skattekortet, men får før kvart inntektsår og etter at skattekortet eventuelt er endra i løpet av inntektsåret ei såkalla skattetrekksmelding, som er informasjon om grunnlaget for skattekortet hans/hennar.

Tabellkort

Eit tabellkort viser kva for tabell arbeidsgivaren skal trekkje etter (dette kallar vi tabelltrekk) og kva for prosentsats som skal brukast ved forskotstrekk i ytingar som det ikkje kan trekkjast i etter tabell (dette kallar vi prosenttrekk). Arbeidstakaren må passe på at berre éin arbeidsgivar brukar tabellkortet i same periode.

Prosentkort

Eit prosentkort viser kva for prosentsats det skal trekkjast etter (dette kallar vi prosenttrekk).

Frikort med beløpsgrense (fribeløpskort)

Eit frikort med beløpsgrense (fribeløpskort) fritek frå forskotstrekk i lønn opp til kr 55 000 i løpet av inntektsåret. Dette blir gjerne brukt av ungdommar og studentar som har sommarjobb eller deltidsjobb.

Dersom du er den einaste arbeidsgivaren til ein tilsett med frikort, er heile beløpet på kr 55 000 tildelt deg. Dersom den tilsette har fleire arbeidsgivarar som skal bruke frikortet, må den tilsette sjølv gå inn på skatteetaten.no og fordele beløpet mellom dei ulike arbeidsgivarane. Den tilsette bestemmer kor mykje du kan bruke av frikortet. Når den tilsette har fordelt fribeløpet, må du hente skattekortet på nytt. Du får melding frå Skatteetaten dersom ein av dei tilsette endrar frikortet. Då må du på nytt hente frikort med nytt beløp.

Skattebetalingslova

Endringar i skattebetalingslova om elektronisk skattekort blei vedtekne i revidert nasjonalbudsjett for 2012, med verknad frå og med inntektsåret 2014. Det er fastsett endringar i skattebetalingsforskrifta ved forskrift 27. september 2013 nr. 1149.

Heimel: skattebetalingslova § 5-1 og skattebetalingsforskrifta § 5-1.

Mer om elektronisk skattekort

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.