Tjenestene kan være ustabile på grunn av planlagt vedlikehold i perioden lørdag 19. august kl 0800 til mandag 21. august kl 0700.

Rettleiing til "Bestill elektronisk skattekort på fil" (RF-1211)

  • Skriv ut

Dette er ei rettleiing for lønnssystemleverandørar i bruk av tenesta «Bestill elektronisk skattekort på fil» (RF-1211).

Tenesta «Bestill elektronisk skattekort på fil» (RF-1211) er laga for bruk mot eit lønnssystem. Dette fordi vedlegga som blir sendt til og frå Skatteetaten skal lesast av programvare.

Det er ingen innsendingsfrist. Dersom du brukar siste versjon av RF-1211, skal skattekortopplysningane vanlegvis vere tilgjengelege i meldingsboksen i Altinn med det same. Dersom du brukar eldre versjonar av RF-1211, skal skattekortopplysningane vanlegvis vere tilgjengelege i Altinn-meldingsboksen neste dag. Dersom lønnssystemet ditt har ende-til-ende-integrasjon med Altinn, vil skattekortopplysningane kome direkte til lønnssystemet ditt.

Har du spørsmål når det gjeld innsending via Altinn, kontakt Altinn brukarstøtte på telefon 75006000, eller e-post: support@altinn.no.

Teknisk dokumentasjon

Den tekniske dokumentasjonen for tenesta ligg i sluttbrukarsystemportalen i Altinn. Her ligg all den dokumentasjonen leverandørane treng for å kunne integrere systemet sitt mot Skatteetaten si løysing. Eventuelle spørsmål frå leverandørane kan sendast til edag-lps@skatteetaten.no.

Rettleiing til «Bestill elektronisk skattekort på fil» (RF-1211)

Rettleiing – førespurnad om skattekortopplysningar

Skattekortopplysningar kan hentast i Altinn, anten via Altinn-portalen eller direkte frå lønnssystemet. Dette gjer du via skjematenesta «Bestill elektronisk skattekort på fil» (RF-1211.)

Du kan hente skattekortopplysningar både for inneverande og føregåande inntektsår.

Dersom du gir opp mobilnummer og/eller e-postadresse som kontaktinformasjon, vil du bli varsla når ein av dei tilsette endrar skattekortet sitt. Hentar du skattekort frå eit lønnssystem, er det mogeleg å slå av varslingsfunksjonen. Dette kan leverandøren din svare på. Dersom du fyller ut skjemaet i portalen, får du varsling uansett.

Du kan sende ein skattekortførespurnad på fleire måtar:

  • Med fødselsnummera til alle dei tilsette i vedlegget. Denne måten er best eigna for å hente ut skattekortopplysningar ved årsskiftet.
  • Be berre om endringar på dei fødselsnummera som du har spurt på tidlegare innanfor dette inntektsåret. Denne måten er best eigna for små arbeidsgivarar gjennom året.
  • Med vedlegg og eventuelle endringar. Denne måten kan nyttast dersom du har nytilsette, og samtidig vil vere sikker på at du har fått nye skattekort på dei som måtte ha endra det sidan førre spørjing.
  • I skjemaet skal ein laste opp eit tekstvedlegg med fødselsnummera til dei personane du ønskjer å få skattekort på. For kvart fødselsnummer skal ein gi opp kva for arbeidsgivar skattekortet skal nyttast på vegner av. Formatet på fila/vedlegget er skildra i tabellen nedanfor.

Rekneskapsførarar og andre som hentar skattekort på vegner av ein eller fleire arbeidsgivarar:

Det er to måtar å hente skattekort på vegner av arbeidsgivar på:

  • Du representerer arbeidsgivar (kunde): Då må du må passe på at arbeidsgivar sitt organisasjonsnummer i fila stemmer overeins med den arbeidsgivaren du representerer. Når ein tilsett endrar skattekort, går det fram av varselet kva for ein kunde det gjeld.
  • Du representerer ei eiga rekneskapsverksemd: Du kan då hente skattekort for fleire kundar i ei fil. Fødselsnummera i fila må vere knytte til rett kunde (organisasjonsnummer). I varsla du får når nokon endrar skattekort, går det ikkje fram kva for ein kunde dette gjeld for. Når du hentar endringane, får du også endringar for eventuelt andre bestillingar som er gjort frå rekneskapsverksemda di.

Nr

Nemning

Frå
pos.

Til
pos.

Tal
pos.

Dataklasse

Merk

Påkravd?

1

RECART
(record art)

1

2

2

Numerisk

=64

Ja

2

FODSELSNR
(fødselsnummer)

3

13

11

Numerisk

 

Ja

3

ORGNR
(organisasjonsnummer til arbeidsgivaren)

14

24

11

Numerisk

 

Ja

Felt nr 1 - RECART

Dette feltet skal alltid vere utfylt med verdien 64.

Felt nr 2 - FODSELSNR

Fødselsnummer/D-nummer til personen du ønskjer skattekort for. Oppgi alle dei 11 sifra i feltet.

Felt nr 3 - ORGNR

Arbeidsgivaren sitt organisasjonsnummer. Organisasjonsnummer skal vere høgrejustert i feltet, med to leiande nullar. Det kan være fleire ulike organisasjonsnummer i den same fila.

Døme på noen rader i korrekt vedlegg som sendes til Skatteetaten:

642307604633200992097353
642806663915800992097353

Rettleiing – retur med skattekortopplysningane

Skatteetaten legg inn skattekortopplysningane og sender fila tilbake til meldingsboksen i Altinn. Du får vanlegvis svar med det same dersom du brukar den nyaste versjonen av tenesta. Les meir om dette øverst på denne sida.

Filvedlegget med skattekortopplysningane har eit annleis format enn bestillingsfila. Formatet på fila/vedlegget er skildra i tabellen nedanfor.

Nr

Nemning

Frå
pos.

Til
pos.

Tal
pos.

Dataklasse

Merk

Påkravd?

1

RECART
(record art)

1

2

2

Numerisk

=64

Ja

2

FODSELSNR
(fødselsnummer)

3

13

11

Numerisk

 

Ja

3

ORGNR 
(organisasjonsnummer)

14

24

11

Numerisk

 

Ja

4

KOMMNR
(skattekommunenummer)

25

28

4

Numerisk

 

Ja 

5

TABELLNR
(tabellnummer)

29

32

4

Numerisk

 

Nei

6

TABELLTYPE

33

33

1

Alfanumerisk

= 'P' eller blank

Ja

7

PROSENT
(prosent)

34

35

2

Numerisk

 

Nei

8

FORSKOTSFORM

36

36

1

Numerisk

= 1, 2, 4, 5, 6, 7, 8, 9

Ja

9

ARBGIVGR
(arbeidsgivargruppe)

37

37 

 1

Numerisk

 

Nei

10

TABELLKORT_FLAGG

38

38

1

Alfanumerisk

= J eller N

Nei

11

FRIKORTBELØP

39

43

5

Numerisk

 

Nei

12

SKORT_DATO

44

51 

8

 

 

Ja 

13

SKATTEKORT_ID

52

58

7

Numerisk

 

Ja

14

SIGNAL

59

59

1

Numerisk

= 0, 1, 8 eller 9

Ja

Felt nr 1 - RECART

Dette feltet er alltid utfylt med verdien 64 . (Same som i inngåande fil.)

Felt nr 2 - FODSELSNR

Fødselsnummer/D-nummer til personen du ønskjer skattekort for. (Same som i inngåande fil.)

Felt nr 3 - ORGNR

Arbeidsgivaren sitt organisasjonsnummer. (Same som i inngåande fil.)

Felt nr 4 - KOMMNR

Skattytaren sitt skattekommunenummer, bestående av 4 siffer. Merk at dersom kommunenr er:

  • 0000, så er det ikkje fastsett ein kommune for skattytaren, og kommunenummeret til lønnsutbetalaren skal nyttast.
  • 2435, kildeskatt, dette skattekortet er ikkje gyldig for lønnsinntekt, berre til pensjonsutbetalingar.

Felt nr 5 - TABELLNR

Gjelder berre tabellkort (forskotsform 1, 6, 7, 8 og 9). 0 for dei med prosentkort. 4 siffer.

Felt nr 6 - TABELLTYPE

Gjeld berre tabellkort (berre forskottsform 1). Gyldige verdiar:

  • P - pensjonisttabell.
  • Blank - ordinære tabellar.

Felt nr 7 - PROSENT

Trekkprosent.

Felt nr 8 - FORSKOTTSFORM

Seier kva slags type skattekort det dreier seg om. Følgjande typer skattekort er gyldige:

  • 1 - Tabellkort.
  • 2 - Prosentkort.
  • 4 - Frikort utan beløpsgrense. Blir berre nnytta til pensjon.
  • 5 - Frikort med beløpsgrense. 
  • 6-9 - Særskilde trekktabellar for utanlandske arbeidstakarar.

Felt nr 9 - ARBGIVGR

Arbeidsgivargruppe (blir òg kalla sorteringskode). Følgjande verdiar er gyldige:

  • 0 – vanleg lønnsmottakar.
  • 2 – Grensegjengar. Ved lønning i ein grensekommune skal det trekkjast 10% skatt. Ved lønning i ein annan kommune skal ein nytte prosentsatsen i skattekortet.
  • 8 – NAV er biarbeidsgivar og skal alltid bruke prosenttrekk, også for personar med tabellkort.
  • 9 – NAV er hovedarbeidsgivar og trekkjer etter tabell for personar med tabellkort, og ellers etter prosent. Andre arbeidsgivarar skal alltid bruke prosenttrekk.

For personar med tabellkort blir det sendt med både tabellnummer og prosent uavhengig av arbeidsgivargruppe.

Felt nr 10 - TABELLKORT_FLAGG

Oppgir om andre arbeidsgivarar også har hentet tabellkortet for denne personen. Arbeidsgivaren må avklare med den tilsette om det skal trekkjast etter tabell eller prosent.

  • J - andre arbeidsgivarar har henta skattekort.
  • N - ingen andre arbeidsgivarar har henta skattekort.

Felt nr 11 - FRIKORTBELØP

Oppgir kor mykje arbeidsgivaren kan betale ut på frikortet. Maksimalt 50 000 kr. Det er frikortbrukaren sjølv som må fordele fribeløpet dersom fleire enn ein arbeidsgivar hentar frikortet. Det blir sendt ei melding om dette til frikortbrukaren.

Felt nr 12 - SKORT_DATO

Datoen skattekortet er bereknat og utferda.

Felt nr 13 - SKATTEKORT_ID

Inneheld året skattekortet gjeld for (4 posisjoner) og løpenummer (3 posisjoner). Per person per år. Ein person vil få skattekort med ID 2015001 ved hovudutskrivinga av skattekort for 2015. Dersom vedkommande endrar skattekort sitt, vil ID på det nye skattekortet vere 2015002.

Felt nr 14 - SIGNAL

Resultat av førespurnad med desse gyldige verdiane:

  • 0 - Personen har ikkje skattekort. Berre dei tre første felta er utfylte.
  • 1 - OK, skattekortopplysningar funne.
  • 8 - Ugyldig organisasjonsnummer.
  • 9 - Ugyldig fødselsnummer.

Døme på skattekortopplysningar i rett vedlegg som blir sendt frå Skatteetaten:

64230760463320099209735300180000 2229 000000812201120130011

64280666391580099209735300187123 4510J000000812201120130011

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.