Slik trekkjer du rett skatt – steg for steg

  • Skriv ut

Feilmeldingar

Ugyldig eller manglande vedlegg:

Den innsende fila er ikkje i samsvar med Skatteetaten sine spesifikasjonar. Får du denne meldinga, sjølv om fila er ei TXT-fil som er rett bygd opp, kan det vere feil formatering i fila. Ta kontakt med lønnssystemleverandøren din.

Vedlegget inneheld minst ei rad med feil:

Fila inneheld rader som ikkje er i samsvar med spesifikasjonen. Dette kan til dømes vere rader som startar på noko anna enn 64, er for lange, eller inneheld tekst. Resten av fila blir forkasta etter den første rada med feil. Ta kontakt med lønnssystemleverandøren din.

Feil fødselsnummer / feil organisasjonsummer:

Fødselsnummeret eller organisasjonsnummeret i fila er ikkje gyldig. Ta kontakt med lønnssystemleverandøren din.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.