Slik trekkjer du rett skatt – steg for steg

  • Skriv ut

Hent elektronisk skattekort for dei tilsette

Som arbeidsgivar er du ansvarleg for å hente skattekorta for alle dei tilsette ved overgangen til eit nytt inntektsår.

Skattekorta må hentast før første lønnskøyring. Ved nytilsetjingar i løpet av året skal dette gjerast før første lønnskøyring for den nytilsette.

Du kan hente elektronisk skattekort på to måtar:

Henting av frikort

Frikort blir henta på same måte som vanlege skattekort. Den tilsette må ha bestilt frikortet før du som arbeidsgivar kan hente det. Med frikortet følgjer heile eller delar av fribeløpet.

Dersom du får 0 i beløp, inneber det at skattytaren må tildele deg eit beløp. Dette skjer dersom ein annan arbeidsgivar har henta frikortet før deg.

Du vil få varsel om endra skattekort når skattekortet eller frikortet er klart til å hentast.

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.