Slik trekkjer du rett skatt – steg for steg

  • Skriv ut

Korleis betaler du forskotstrekket

Som arbeidsgivar pliktar du å gjennomføre skattetrekk i lønna til dei tilsette. Det finst to typar skattetrekk i arbeidstakarane si lønn: forskotstrekk og utleggstrekk.

Etter at du har rekna ut forskotstrekket, skal du redusere bruttolønna med forskotstrekket og betale ut nettolønna til den tilsette. Dette gjer du seinast på det tidspunktet den tilsette kan krevje å få lønna utbetalt, til dømes på avtalt lønningsdato.

Når den tilsette tek imot naturalytingar, må du gjennomføre forskotstrekk så langt som kontantytingane rekk. Er lønnsutbetalinga ikkje tilstrekkeleg til å gjennomføre forskotstrekk for naturalytingar, må du straks melde frå til skattekontoret.

Som arbeidsgivar med tilsette pliktar du å ha ein særskilt bankkonto kalla skattetrekkskonto. Skattetrekkskontoen skal berre brukast til innskot av forskotstrekk og eventuelt utleggstrekk når skatteoppkrevjaren har pålagt dette.

Seinast første yrkedag etter lønnsutbetalinga, må du setje forskotstrekket inn på skattetrekkskontoen. Som eit alternativ til fortløpande innbetalingar, kan du halde saldoen på skattetrekkskontoen så høg at han til kvar tid dekkjer løpande trekkansvar, til dømes ved at du set inn eit a-kontobeløp.

For arbeidsgivarar med rett til å drive finansieringsverksemd etter finansieringsverksemdslova, til dømes bankar, kan ein godta at det blir stilt garanti for beløpet.

Skattetrekket tilhøyrer skattestyresmaktene. Utan samtykke frå skatteoppkrevjaren kan du ikkje disponere over skattetrekkskontoen på annan måte enn ved overføring til skatteoppkrevjaren eller ved å overføre midla til ein annan skattetrekkskonto i ein annan bank.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.