Slik trekkjer du rett skatt – steg for steg

  • Skriv ut

Kva gjer eg dersom ein tilsett endrar skattekort?

Du vil få melding frå Skatteetaten dersom ein av dei tilsette endrar skattekort i løpet av året.

Då må du hente det nye skattekortet før neste lønnskøyring. Det nye skattekortet skal hentast via den same tenesta som du brukte for å bestille skattekorta:

Du må gi opp eit mobilnummer og/eller ei e-postadresse når du bestiller skattekort. Du blir deretter varsla på mobil og/eller e-post når ein av dei tilsette endrar skattekortet sitt. Då må du hente endra skattekort før neste lønnskøyring.

Dersom du hentar skattekort frå eit lønnssystem, er det mogeleg å slå av varslingsfunksjonen. Dette kan lønnssystemleverandøren din svare på. 

Dei tilsette kan òg be deg trekkje meir skatt enn skattekortet viser.

Dette bør du leggje inn som eit tilleggstrekk, ikkje korrigere prosent/tabell.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.