Slik trekkjer du rett skatt – steg for steg

  • Skriv ut

Kven kan hente skattekortopplysningar

Du har berre lov til å hente skattekort for personar du skal betale ut trekkpliktige ytingar til.

Handsaminga av personopplysningar som går fram av det elektroniske skattekortet, blir regulert av personopplysningslova, jf. POL § 8 og 11. Vilkår for å handsame personopplysningar går fram av POL § 8. Krav til handsaming av personopplysningar går fram av POL § 11.

Innhenting av skattekort føreset såleis at opplysningane blir handsama i samsvar med  personopplysningslova. Dette inneber mellom anna at dersom ein har innhenta skattekort, men utbetaling av trekkpliktige ytingar ikkje blir aktuelt, må opplysningane slettast, jf. POL § 11 litra e, jf. § 28.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.