Slik trekkjer du rett skatt – steg for steg

  • Skriv ut

Skattetrekk etter tabell eller prosent?

Du er ansvarleg for å trekkje skatt i samsvar med det siste skattekortet som gjeld for den tilsette.

Hovudarbeidsgivaren skal nytte tabell ved utrekning av skattetrekk. For biarbeidsgivar og ytingar som gjeld ein annan periode enn den som lønna blir betalt ut for, skal ein bruke prosenttrekket av skattekortet.

NB! Er du i tvil om du er hovud- eller biarbeidsgivar, må du avklare dette med den tilsette.

Dersom fleire arbeidsgivarar ber om tabellkortet til den tilsette, blir det sendt med eit merke på det elektroniske skattekortet. Merket er eit varsel om at du som arbeidsgivar må avklare med den tilsette om du er hovud- eller biarbeidsgivar.

Dersom du ikkje får avklart om du er hovud- eller biarbeidsgivar, skal du trekkje etter prosent. Sjå Skattebetalingsforskrifta § 5-1-4 (3)

 

Skattetrekk av alderspensjon

For utbetaling av alderspensjon, eller andre ytingar med låg trygdeavgift, skal ein nytte månadstabell for pensjon. Ved andre trekkperiodar enn månadleg skal tabellen nyttast forholdsmessig.

Tabelltrekk

Reglar for korleis tabelltrekk skal reknast ut for ulike periodar finn du i Skattebetalingsforskrifta § 5-10-2.

(Skattebetalingsforskrifta § 5-7-1 og § 5-7-2).

Får du inn nytilsette i løpet av året, bør det vere ein del av tilsetjingsrutinen å avklare om du er hovud- eller biarbeidsgivar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.