Korleis kan du vite om du skal trekkje skatt som hovud- eller biarbeidsgivar?

Er det uklart om arbeidsgivar skal utføre forskotstrekk etter tabell eller prosent, må dette avklarast med skattytar. Dersom fleire arbeidsgivarar spør etter tabellkortet til den tilsette meir enn ein gong, blir det sendt med eit merke. Merket er berre eit varsel om at du som arbeidsgivar, dersom du er usikker, bør avklare med den tilsette om du er hovud- eller biarbeidsgivar.

Dersom du som arbeidsgivar har spørsmål til korleis du skal handtere dette, kan du ta kontakt med oss for rettleiing.

Får du inn nytilsette i løpet av året, bør det å avklare om du er hovud- eller biarbeidsgivar for den du skal tilsetje, vere ein del av tilsetjingsrutinen.Korleis dette blir handtert reint praktisk i lønnssystemet vil variere frå system til system. Skatteetaten tilrår at lønnssystemleverandørane lagar eit eige val for hovud-/biarbeidsgivar.

Dersom du likevel ikkje får avklart tabelltrekk eller prosenttrekk, skal du trekkje etter prosent.§ 5-1-4 (3) i Skattebetalingsforskrifta seier:Er det uklart om arbeidsgivar skal utføre forskotstrekk etter tabell eller prosent, må dette avklarast med skattytar. Dersom arbeidsgivar ikkje får avklart om han skal trekkje etter tabell eller prosent, skal arbeidsgivar trekkje etter prosent.

Du kan òg tilrå at den tilsette søkjer om prosentkort for å unngå feil trekk. I utgangspunktet får alle med fleire arbeidsgivarar over tid utferda prosentkort, men Skatteetaten sine utrekningar er vanlegvis basert på inntektsåret 2015, slik at endringar i 2016 ikkje er fanga opp.